Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Foreldre i Møre og Romsdal betaler mest for barnehageplass

Ein barnehageplass med kostpengar kostar i snitt 2.800 kroner i månaden. Plassane kostar mest i Møre og Romsdal, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

I snitt betalte norske familiar litt over 2.500 kroner i månaden for ein plass i barnehagen i januar i år. Utgifter til mat og andre utgifter som barnehagen står for kjem i tillegg. Desse utgiftene kosta drygt 300 kroner i månaden, skriv Kommunal Rapport.

Annonse

Tala frå SSB viser at det i snitt kosta 31.200 kroner for eitt års fulltidsopphald inkludert matpengar. Prisen er henta frå januar 2019 og viser at Møre og Romsdal var fylket med den høgaste gjennomsnittlege årsbetalinga. Frå i fjor til i år vaks årsbetalinga med 1,7 prosent for vestlandsfylket.

I andre enden av skalaen ligg Finnmark, som har den lågaste gjennomsnittlege årsbetalinga.

Neste artikkel

Aldri før har så mange takket ja til plass på folkehøgskole