Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fleire kvinner på jakt

Tusenvis av jegerar er i desse dagar på tur ut på jakt i den norske fjellheimen. Stadig fleire av dei er kvinner.

Jeger Hilde Rasmussen på post under elgjakta i 2017. Foto: Mariann Tvete

– Vi er heldigvis i verdstoppen når det gjeld rekruttering av kvinner til jakt. Jakt har lange tradisjonar i Noreg, og aksepten for jakt er avhengig av brei rekruttering frå ulike grupper i samfunnet, seier fagsjef for jakt og fiske i Statskog, Jo Inge Breisjøberget, i ei pressemelding.

Annonse

Tal frå Statistisk sentralbyrå over personar som løyser jegeravgiftskort viser at mengda mannlege jegerar er stabilt. Blant kvinner er derimot auken dei siste fem åra på 24 prosent. Tre av ti som tar jegerprøven er no kvinner.

– Dette er gledeleg og viktig. Eg trur noko av årsaka ligg i at vi har brukt både tid, krefter og pengar på å rekruttere kvinner til jakt. Det har verka, seier informasjonssjef i Norges Jeger- og Fiskerforbund Espen Farstad.

Neste artikkel

NJFF-leder Knut Arne Gjems om lisensjakt innenfor ulvesonen: – De færreste forstår omfanget