Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fjellfuglar i klimatrøbbel?

Mengda av fjellfugl er redusert med 10 prosent sidan tusenårsskiftet, viser nye forskingsresultat.

Ny studie viser ein nedgang i hekkebestand av europeiske fjellfugl. Foto: Siri Juell Rasmussen
Ny studie viser ein nedgang i hekkebestand av europeiske fjellfugl. Foto: Siri Juell Rasmussen

Det finst fugleartar som berre trivst og oppheld seg i fjellområde. Desse fjellfuglane kan vere følsame for endringar i klima sidan dei ikkje har høve til å flytte seg høgare opp i landskapet for å finne dei natur- og klimaforholda som dei er avhengig av, fortel Norsk institutt for naturforsking (Nina) på nettsidene sine.

Sett på 44 artar

Denne nye studien viser ein nedgang i hekkebestand av europeiske fjellfugl som samsvarer med prognosane som er laga basert på endringar i klima.

Forskarar har undersøkt endringar i bestandar for 44 vanlege fuglearter i fjellområde i Noreg, Sverige og Finland, Storbritannia, Alpane og på Iberiahalvøya. Blant desse hadde 14 artar ein klar bestandsnedgang, 22 hadde ei meir stabil bestandsutvikling og 8 artar hadde vekst i bestanden.

Annonse

– I gjennomsnitt for heile Europa er det målt 7 prosent nedgang gjennom den 13 år lange perioden studien omfattar. For artar som hekkar i skogsområde har det ikkje vore ein slik bestandsnedgang, seier John Atle Kålås frå Nina. Han har vore med i gruppa som har gjennomført granskinga.

Størst reduksjon i bestandane er målt for artane som berre lever i fjellet. Desse artane har hatt ein nedgang på 10 prosent i perioden 2002–2014.

Trengst meir kunnskap

Forskarane meiner det er nødvendig å overvake og forske meir for å få meir kunnskap om årsaka til bestandsnedgangen for fugl i fjellet. Overvaking av kva som skjer av endringar i desse områda er særleg krevjande på grunn av vanskeleg tilgang og ofte krevjande vêrforhold.

Studien er resultat av ein felles innsats frå 12 europeiske land og del av eit europeisk nettverk for overvaking av fugl (European Bird Census Council). Granskinga er også publisert i det internasjonale tidsskriftet «Global Change Biology».

Neste artikkel

Den varmeste vinteren i Norge på 120 år