Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

44 rådmenn gjekk av med fallskjerm

Dei siste fem åra har minst 44 rådmenn i Noreg fått sparken eller slutta og fått med seg fallskjermar på alt frå 500.000 til 2,9 millionar kroner, skriv VG.

Illustrasjonsfoto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

I gjennomsnitt har kommunane betalt over 1,2 millionar kroner for å skilje lag med rådmannen.

42 av dei 44 tidlegare rådmennene har kunna heve dobbel lønn etter at dei slutta i jobben. Årslønna for dei aktuelle rådmennene varierer frå 750.000 kroner i Karasjok til 1,5 millionar kroner i Sandefjord.

Nitten av sluttavtalane har òg teieklausul, der partane har plikta seg til å ikkje seie noko om bakgrunnen for avgangen.

Jussprofessor og ekspert på kommunalrett Jan Fridthjof Bernt ved Universitetet i Bergen meiner det er oppsiktsvekkjande at ein så stor del av rådmennene har fått sluttpakker tilsvarande meir enn tolv månaders lønn.

Annonse

Det er tilfelle for 35 av sluttavtalane, som dermed går ut over retningslinjene som gjeld for leiarar i staten. Desse reglane gjeld ikkje i kommunesektoren.

– Spørsmålet er om sluttavtalane burde ha vore gjenstand for ei nasjonal regulering, seier Bernt til VG.

Bernt trur spenningar mellom rådmannen og den politiske leiinga ofte er årsaka til at rådmannen må gå.

– Av og til kan det komme av at rådmannen ikkje er dyktig nok, mens andre gonger kan det vere at den politiske leiinga ønskjer meir kontroll over den saksførebuande rolla til rådmannen. Rådmannen har som oppgåve å gi ei fagleg basert og objektiv framstilling ev ei sak og ikkje halde tilbake kritiske innvendingar mot politikarønska, seier Bernt.

VGs oversyn viser elles at rådmannen oftare går av med fallskjerm i små kommunar enn større. Kommunar med under 5.000 innbyggjarar står for 70 prosent av sluttpakkene etter 2014.

Neste artikkel

Norsk bedrift skal lage namn og nummer til Premier League-draktene