Spaltist Denne teksten gir uttrykk for skribentens personlige holdninger.
Dei utvalde små oksane skal gjeva plass i binge og ved fôrbrett, slik at både utvandrarar og heimfødingar fær betre rom for vekst og trivsel.
Men for at livdyrsjåføren skal sleppe å vente på at eg hentar eitt og eitt dyr frå ulike bingar, gjer eg dei reiseklare i eigen binge dagen før avreise. Og dyr er som folk: ulike.
Enkelte er nyfikne på verda utom bingen, stegar frimodig over terskelen og dansar bortetter fôrbrettet og inn til dei store gutane dei berre har sett på avstand. Dei går gjerne rett inn i dumdristig brytekamp, og blir svært overraska over at dei ikkje er den sterkaste karen i bingen lenger!
Andre er stikk motsett. Ein veit kva ein har, og ikkje kva ein får, synest dei å meine. Heime er best. Det er ikkje tale om å stikke nasen over terskelen i den vidopne grinda – ikkje på vilkår.
Eg prøvar gjera som eg har lært – gjera meg stor og uomgåeleg – strekkjer ut armane og prøvar sakte å drive den heimekjære ut opningen – nærare – nærare – nesten nasen over – bitte litt til? ....kalven tverrvender, hoppar over ein utstrekt røktararm og legg på tansprang langs bingeveggen.
Eg etter, framleis med sprikande armar, fær pressa dyret opp i eit hjørne – stillstand – prøv på nytt. Full repetisjon! Endå ein gong – men no har røktaren lagt til sides alt han har lært av dyrepsykologi. Verbalt skulle heimfødingen vori både krossfest, pint og gravlagt – og dei utstrekte armane vert forsøkt brukt som lasso rundt stabeistet – sjølvsagt nyttelaust!
Men under kan skje! Brått bykser den vesle stuten over "dørstokken", og landar på fire stive på hi sida – der blir han! Det er total metamorfose – den livlege kalven har stivna fullstendig, og står som den var utstilt på Astrup-Fearnley. Einaste måten å flytje dyret på, er å skuve den på stive bein. Det er som å bruke spark på bar asfalt...
Etter eit par timars tid med sortering – inkludert flytjing av sokalla lettgrindar (kan nokon finne eit meir dekkjande namn?), sjekkar eg nøgd at øyremerka i bingen stemmer med nummera på innmeldinga. Det stemmer, og andre gjeremål står for tur. Men neste gong eg passerer utvandrarbingen? Jammen har ikkje den eldste stuten, som ikkje skal sendast, blivi så nyfiken på dei nye grannane sine, at han rett og slett har hoppa inn til dei for herjing, stanging og riding – altså alt som er verdt noko her i livet. Og han har slett inga forståing for at besøket kan vera plagsamt, så minstemann rømer rett og slett gjenom forhekken og ut...
Trygve Slagsvold Vedums tale til Senterpartiets landsmøte var svært god, tykte eg. Det var Trygve slik me kjenner han.
Visa enda godt altså, og dagen etter stod fem reiseklare småtassar og snusa på snø for fyrste gong. Livdyrbilen kjem, og eg byrjar å fæle meg opp til ny "treningsøkt". Det er ikkje måte på alt som kan gå gale, og eg kjenner sveitteperler på panna lenge før livdyrsjåføren får på seg kjeledressen. Det går forresten veldig seint, legg eg merke til. Med støe og rolege rørsler gjer han seg klar. Han har til og med eit trygt lite smil om munnen. "Vi tar vel en og en", seier han. Kan hende han har sett nervøsiteten min?
Roleg tek han hand om dyra. Ein etter ein. Aldri ei brå rørsle, aldri med høg røyst. Alt ved denne mannen er ro. Det er som om det verkar heilt uventa for dei som skal inn på bilen. Dei prøvar seg meg nokre små byks – men finn liksom ut at det er artigare å lukte litt, smake seg fram, finne ut av denne rare bingen med masse herleg strø i.
"Det nytter ikke å herje", seier sjåføren. "Det er verdige motstandarar om de skulle bestemme seg for det". Han tok seg tid til å vente til kalven var klar, i staden for å presse. Dermed gjekk heile operasjonen roleg, raskt og trygt for seg.
For ei veke sidan vart eg imponert over ein kar med liknande framferd. Ein som var open, roleg og trygg. Oppgåva hans den fredagen var noko av den same som livdyrsjåførens: Han skulle samle ein flokk med ulike syn og haldningar i til å gå i same retning.
Som i livdyrflokken, finn ein dei utolmodige og nyfikne, dei som ikkje kan koma fram fort nok. Dei endringsviljuge. Og så finn ein dei som ikkje vil, som står på stive føter og ikkje let seg rikke. Men med ein god leiar, ein som ser alle og forstår behova, og som har ro og likevel eit klart mål – kan ein flytje flokken.
Trygve Slagsvold Vedums tale til Senterpartiets landsmøte var svært god, tykte eg. Det var Trygve slik me kjenner han, med klar bodskap og med klokkartru på Senterpartiet. Går det an å be om litt meir partileiar-Vedum i finansdepartementet?
Så kan hende flokken samlar seg att...