SPYDEBERG. Måndag kveld blei bondeorganisasjonane og staten einige i dei ekstraordinære fordelingsforhandlingane i årets jordbruksoppgjer.

Blant det bondeorganisasjonane seier seg nøgde med å ha fått gjennomslag for er vidareføring av målprismodellen for svin og at det generelle beitetilskotet ikkje blir fjerna, slik staten ønskte.

Les også: Nortura varslar 110 millionar i tap for svinenæringa

Mange bønder får likevel store kutt i arealtilskot for gras og beitetilskot. Blant dei er Kristin Thonerud (28) frå Spydeberg i Østfold. Saman med ektemannen Kristoffer investerte ho åtte millionar kroner i nytt mjølkefjøs med robot i 2015.

– Vi treng føreseielege vilkår for å drive. Dette er veldig lite føreseieleg og gjer det usikkert for oss som satsar. Det er ikkje haldbart. Vi er heilt avhengige å vite kva vi kan rekne med frå år til år, seier Thonerud.

Les også: KrF, Sp, Ap og SV vil ha ramme på 790 millionar kroner i jordbruksoppgjeret

Får 24.000 kroner i kutt

Med 400 mål gras i sone 1, der arealtilskotet til grovfôr blir fjerna heilt, får Thonerud 16.000 kroner i kutt. I fjor blei satsen òg kutta. Med over 100 storfe ute på beite, og utan tilgang til utmarksbeite, blir det ytterlegare vel 8000 kroner i kutt i beitetilskot.

28-åringen trur resultatet blir færre dyr ut på beite og meir gjengroing. Sjølv kan dei derimot ikkje legge om drifta sidan dei har investert stort og forholda ikkje ligg til rette.

– Det er bratt her og jorda er ikkje eigna til så mykje anna. Forbrukarane vil ha dyra ut på beite, men det krev mykje tilsyn, seier ho og viser til at resultatet for deira del blir mindre inntekt.

Les også: KrF skuldar Venstre, Høgre og Frp for løftebrot

Må svelge kutt

Kutt i arealtilskotet for grovfôr er blant punkta bondetoppane ikkje er nøgde med.

– Vi har fått gjennomslag for nokre av prioriteringane, medan for andre delar må vi erkjenne at vi ikkje kom i mål. Vi har ikkje fått fjerna omfordelingseffekten som ligg i at staten nulla arealtilskotet for grovfôr i sone 1 og at det blei betydeleg reduksjon i sone 3, seier leiar i Bondelaget, Lars Petter Bartnes.

Småbrukarlaget er òg skuffa.

– Diskusjonen rundt dette forholdet har endra seg frå å vere ein fagleg diskusjon om og rundt kanaliseringspolitikken til å bli ein rein politisk diskusjon utan fagleg forankring, noko eg beklager sterkt, seier leiar i Småbrukarlaget, Merete Furuberg, i ei pressemelding.

Les også: Venstre-forslag får fleirtal - halverer veksten i kraftfôrprisen

Dei er nøgde med at det generelle beitetilskotet blir vidareført, men òg der blir det kutt. Kuttet er på over 92 millionar kroner, men satsane for beiting i utmark aukar med over 128 millionar kroner.

– Ser ein alle beiteordningane under eitt er det eit løft. Det viktigaste var at vi redda det generelle beitetilskotet, seier Furuberg.

Bartnes kommenterer kuttet i det generelle beitetilskotet slik:

– For oss var det viktigast å sikre at beitetilskotet blir vidareført. Det blir ein reduksjon i satsane, men i betydeleg grad blir ytingane vidareført. Vi ønska dagens nivå på satsane, men det var der vi kom innanfor den tildelte ramma, seier Bartnes.

– Redusert omfordeling

Bartnes seier det var ei vanskeleg vurdering, men at dei valde å signere på resultatet.

– Kva er du mest nøgd med?

– Vi har klart å redusere mykje av den omfordelinga som låg i statens tilbod. Vi har fått til betre struktur, vi har sikra at svin blir vidareført i målprismodellen og vi har sikra det generelle beitetilskotet, seier Bartnes.

Les også: Kongshaug-refs av Venstre: – Skuffa over mitt eige parti

Bartnes seier dei ikkje kom i mål med å vidareføre finansieringa av Opplysningskontora med omsetningsavgift.

– Det er uheldig at eit av verkemidla i marknadsreguleringa ser ut til å bli fasa ut, seier Bartnes.

Det har ikkje lukkast Nationen å få kommentar frå landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) tysdag.