Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

TISA-avtalen kjem ikkje i mål i år

Den internasjonale avtalen om handel med tenester (TISA) kjem ikkje i mål som planlagt, meldar Washington Trade Daily og Politico. Det avsluttande ministermøtet som var planlagt til desember er avlyst.

Omstridd: Forhandlingane om ein ny internasjonal tenesteavtale har møtt protestar, som her framfor Stortinget i fjor. No er det planlagde avsluttande ministermøtet før jul avlyst. Foto: Eva Aalberg Undheim

SISTE: – Forhandlarane her som har jobba med å setje saman ein internasjonal avtale om handel med tenester, har gitt opp for no, og bestemte seg fredag for å avlyse eit ministermøte som var planlagt til 5. desember.

Det meldar Washington Trade Daily tysdag i artikkelen "TISA avlyst for no".

TISA

Står for «Trade in services agreement», og er ein internasjonal avtale om handel med tenester, som Noreg har forhandla om sidan 2013, saman med EU, USA og 20 andre land.

Forhandlingspartnarane representerer om lag 70 prosent av verdas tenestemarknad.

Byggjer på GATS-avtalen og spring ut av manglande framdrift i forhandlingane om Doha-runden i WTO. Vert forhandla utanfor WTO-systemet.

Alle land leverte opningstilbod i forhandlingane i 2013, og i 2015 vart det leverte reviderte tilbod.

I slutten av oktober leverte forhandlingspartane endå eit nytt revidert tilbod.

Medieorganisasjonen Politico skriv også at det avsluttande ministermøtet er avlyst og at "klokkene ringer for TISA".

Store usemjer

Forhandlingane om ein internasjonal avtale om handel med tenester (TISA) inkluderer Noreg, EU, USA og 20 andre land, og har gått føre seg sidan 2013.

Forhandlingane har som føremål å gjere det til hovudregel for avtalelanda å ikkje forskjellsbehandle utanlandske tenesteleverandørar innanfor eigne grenser.

Målet var å fullføre forhandlingane om ein internasjonal handelsavtale for tenester (TISA) i år, stadfesta Utanriksdepartementet i oktober.

Ifølgje Washington Trade Daily er det store usemjer mellom forhandlingspartane, kombinert med uvisse knytt til endringar i administrasjonen i Washington i januar, som er årsaka til at forhandlarane har gitt opp for no.

I tillegg meldar avisa at EU treng meir tid på interne konsultasjonar om fleire vanskelege spørsmål i forhandlingane.

Politico meldar at EU ikkje har ein sameint posisjon kva gjeld dataflyt og datalagring, som er eit hovudkrav frå USA.

Det er heller ikkje semje mellom EU og USA om korvidt avtalen skal forplikte landa til å opne marknadene for utanlandsk konkurranse for nye typar tenester, som ikkje eksisterer når avtalen vert inngått, ifølgje Politico.

– For mykje att

Annonse

Utanriksdepartementet melde etter eit forhandlingsmøte for halvanna veke sidan at det hadde vore framgang på fleire område i forhandlingane, men at det framleis stod att mykje.

– Det er vanskeleg å vurdere om det vil vere mogleg å sluttføre forhandlingane i år, men arbeidet held fram med mål om at det skjer i 2016, sa statssekretær Tone Skogen i Utanriksdepartementet då.

Kommunikasjonsrådgivar Guri Solberg i Utanriksdepartementet seier alle partar har lagt ned ein stor innsats for å nå målet om å sluttføre forhandlingane i 2016, men stadfestar at det no er klart at det ikkje er mogleg å sluttføre forhandlingane i år.

– TISA-ministermøtet som var planlagt 5. og 6. desember er difor avlyst. For mykje arbeid står att til at det er mogleg å sluttføre i år, skriv ho i ein e-post.

Den komande amerikanske presidenten, Donald Trump, har gjennom valkampen varsla at han vil gjennomføre store endringar i USAs handelspolitikk.

Trump har mellom anna sagt at han vil rive i stykke USAs handelsavtalar.

Utanriksdepartementet har tidlegare meldt at dei ikkje vil spekulere i konsekvensane av presidentvalet for TISA-forhandlingane.

Solberg i Utanriksdepartementet seier Noreg er budd til å halde fram forhandlingane.

– Partane har avtalt å møtast på teknisk nivå i desember for ein gjennomgang av status i forhandlingane. Ein TISA-avtale vil vere eit viktig bidrag til norsk og global verdiskaping og vekst, og vi er budde til å halde fram forhandlingane når alle partar er klare, seier ho.

Neste artikkel

Vern om norske arbeidsplasser