Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Potetkreft oppdaga i Sverige

Soppsjukdomen potetkreft er oppdaga i Blekinge i Sverige. Det blir no sett i gang tiltak for å hindre smittespreiing til fleire gardar.

Potetkreft kan få store konsekvensar for potetdyrkinga. Foto: Jordbruksverket

Potetkreft (Synchytrium endobioticum) er ein frykta plantesjukdom som kjem av ein algesopp. Den skader ikkje potetplantane direkte, men øydelegg avlinga ved at knollane blir heilt eller delvis omdanna til blomkålliknande, uetande svulstar som lett rotnar.

Potetkreft kan få store konsekvensar for potetdyrkinga. På den råka garden i Sverige blir det derfor innført restriksjonar, skriv Landlantbruk.se. Ein får ikkje lov å dyrke poteter på det feltet der det er funne potetkreft, og på nærliggjande felt får ein berre dyrke poteter som er resistente mot denne potetsjukdommen. Det vart funne fleire tilfelle potetkreft i denne regionen også i 2007 og i 2008.

Sporar frå potetsoppen kan overleve i jorda i over 20 år.

Annonse

Potetkreft har vore kjent i Noreg sidan 1914. Plantesjukdommen var lenge ein av dei verste skadegjerarane i potetdyrkinga i her i landet. Den er avhengig av svært fuktig jord, og var særleg eit problem i kyststrøka med kalde og fuktige somrar.

Neste artikkel

Frankrike rammet av smørkrise