Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

No har vi brukt opp ressursane på jorda for i år

Verda brukar naturressursar som om vi hadde 1, 7 jordklodar. I år har vi brukt opp jordkloden tidlegare enn nokon gong.

Onsdag 2. august brukar vi opp ressursane jorda hadde til oss i heile 2017. Foto: Apollo / Nasa

Dette skriv Verdsnaturfondet (WWF).

Onsdag, 2. august, brukar vi opp ressursane jorda hadde til oss for heile 2017. Det betyr at vi resten av året brukar naturressursar som jorda treng lenger enn eitt år på å få tilbake. Denne dagen blir kalla Earth Overshoot Day, og i år kjem den tidlegare enn nokon gong, sidan ein byrja å måle på 1970-talet.

– I fjor var datoen 8. august, som var fem dagar tidlegare enn i 2015. For 15 år sidan var datoen i oktober. Den kjem stadig tidlegare fordi vi ikkje lever berekraftig nok, vi har for høgt forbruk, og vi blir fleire og fleire menneske på jorda. Det er ei skremmande utvikling, og det seier seg sjølv at dette ikkje kan fortsette, seier generalsekretær Nina Jensen i WWF Verdsnaturfondet i ei sak på heimesidene deira.

Ho meiner politikarar, næringsliv og andre avgjerdstakarar må ta konsekvensane av overforbruket.

Annonse

– Vi ser alt no konsekvensane av den økologiske sløsinga i vassmangel, forørkning, jorderosjon, dårlegare avlingar, overbeiting, avskoging, utrydding av artar, kollaps i fiskebestandar og auka konsentrasjon av karbon i atmosfæren, seier ho.

Om ein klarer å skyve Earth Overshoot Day tilbake med 4,5 dagar kvart år, vil vi få eit balansert forbruk innan 2050. Reduserer ein mengda matavfall med 50 prosent på verdsbasis, kan datoen bli flytta 11 dagar bakover. Ei halvering av belastinga klimagassutsleppa står for, kan skyve datoen heile 89 dagar i riktig retning, ifølgje WWF.

Jordas overforbruksdag blir utrekna av Global Footprint Network, som er samarbeidspartnar med WWF. Dei ser på forholdet mellom forbruket vårt av naturressursar, utslepp av klimagassar og annan forureining, og evna naturen har til å reprodusere eller ta opp i seg det vi slepp ut.

Neste artikkel

Ingen ny norsk oste-verdensmester