Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Larve øydela 10.000 kvadratkilometer skog

Sidan 2001 har 10.000 kvadratkilometer bjørkeskog blitt lagt brakk i Nord-Noreg, Nord-Sverige og Nord-Finland.

Lauvmakk angrip særleg bjørk og kan drepe skogen når angripa skjer fleire år på rad. Foto: Helge M. Markusson, Polarmiljø

Årsaka er sommarfugllarven lauvmakk, som dei siste åra har fått betre levekår langt nord grunna klimaendringar.

Lauvmakken har vore i dei utsette områda frå gammalt av. Kalde vintrar har tidlegare hindra bestanden frå å vekse, fordi egga til sommarfuglane døyr når det er kaldare enn 30 minusgrader. Så kalde dagar har det blitt færre av, skriv NRK.

Postdoktor i arktisk og marin biologi, Ole Petter Laksforsmo Vinstad, fortel til statskanalen at det er ein klar samanheng mellom auken i talet på lauvmakk og klimaendringar.

Les òg: Denne vesle rundormen øydelegg avlingar

Vinstad har forska på lauvmakk i fleire år, mellom anna på korleis utbrot av lauvmakk går føre seg i veldig stor skala, og at hundrevis av kvadratkilometer kan bli angripne på same tid.

Annonse

Han understrekar likevel at skadane på skogen ikkje nødvendigvis er permanente, då den har mekanismar for å byggje seg opp igjen.

Les òg: Den norske skogen vokser som aldri før

Lauvmakk er namnet på larvane til fleire sommarfuglar i familien målere. Dei angrip særleg bjørk og kan drepe skogen når angripa skjer fleire år på rad. Sommarfuglane legg egg om hausten.

Neste artikkel

Burde kornplanten bli mer lik ugras?