Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Innvandrarulv truleg død i Sverige

Ein finsk-russisk hannulv som i 2006 kom med friske genar til Sverige via Finland, er truleg død.

Den finsk-russiske Galvenhannen, som vart fotografert i Gävelborg i Midt-Sverige i november i fjor, er truleg død, meiner dei lokale styresmaktene. Foto: Gävleborgs län

Det opplyser styresmaktene i Gävleborgs län i ei pressemelding.

Den tolv år gamle Galvenhannen, som ulven har vorte kalla, har halde til i Galvenreviret og seinare Prästskogreviret i Gävleborg i Midt-Sverige. Han har fått kvelpar med i alt fire ulike tisper.

Som opphav til dei første ikkje-innavla kvelpekulla i Skandinavia sidan tidleg på 1990-talet har innvandrarulven vore viktig for utviklinga av den vesle skandinaviske ulvestammen.

Annonse

(©NPK)

Neste artikkel

Åtte bjørner skutt i år, en på lisens, sju som skadefelling