Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Finland opnar opp for insekt som mat

Finland gjer det no lovleg å selje og ale opp insekt til mat, skriv Hufvudstadsbladet.

No kan finnane få ete insekt som mat. Foto: Colourbox

Jord- og skogsbruksdepartementet opplyser at heile bransjen skal vere omfatta av systemet for næringsmiddeltilsyn for å garantere at det er trygt å ete insekta.

Det finst i dag om lag ti bedrifter i Finland som syslar med oppdrett av insekt, og desse blir no følgde strengare opp.

I Finland er det visstnok ein etterspurnad etter insekt som mat frå konsumentane, ifølgje ei gransking frå Åbo universitet. 70 prosent av finnane er interessert i å ha insekt som mat. Halvparten ville ha kjøpt insekt om det fanst i butikkane.

Annonse

Men direktør for næringsmiddeltryggleik Sebastian Hielm trur ikkje dette vil ta heilt av. Han peikar på at fiskarane tek opp tonnevis av strömming, men at det meste blir minkfôr.

– Når ikkje strömming duger for finnane, gjer neppe insekt det heller, seier han.

Neste artikkel

Vil kun støtte ordfører som garanterer stopp i innkjøp av halalkjøtt