Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dobling av den finske villsvinbestanden

Finnane er uroleg for at dyra skal spreie svinepest.

Det er om lag 3.155 villsvin i Finland. Foto: Public Domain

Trass i at det vart innført nye jaktreglar i Finland for to år sidan har villsvinstammen dobla seg på desse åra, skriv Svenska Yle.

Det var på 1970-talet at dei første villsvina kom til Finland og dei siste åra har stammen vakse med 23,5 prosent.

Det skal no vere om lag 3.155 villsvin i landet. For to år sidan berekna ein at det fanst cirka 1.500 villsvin i Finland.

Finnane er no uroleg for at dyra skal spreie svinepest. Land som mellom anna Polen, Tsjekkia og Ukraina har hatt aukande problem med svinesjukdommen dei siste åra.

– Det er derfor Finlands Viltcentral har gått inn for ei ganske stor avskyting av villsvin for at tettleiken ikkje skal bli for stor, seier Henrik Enholm, jeger og rovdyrkontaktperson i Finlands Viltcentral.

Annonse

Les òg Per Borglund si spalte: Bør vi ha svin på skogen?

Det har sidan 2016 vore lov å jakte villsvin året rundt i Finland, dersom dyret ikkje har med ungar. Målet har vore å effektivisere jakta og slik hindre afrikansk svinepest å spreie seg.

I Noreg er villsvinet klassifisert som ein uønska art, medan det i Sverige finnest godt over 100.000 villsvin.

Les òg: Villsvin avlivet etter angrep på mann

Neste artikkel

Mattilsynet stopper gatehundimport