Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Britisk kylling med mykje resistente bakteriar

Fersk kylling i britiske butikkar har rekordhøge nivå av antibiotikaresistente campylobacter-bakteriar.

Illustrasjonsfoto: PIXNIO

Det går fram av nye tal frå det britiske mattilsynet, Food Standards Agency.

Styresmaktene i landet har tatt over 4.000 prøvar av fersk kylling oppala i Storbritannia. Dei melder om ein ”signifikant auke” av resistente campylobacter dei siste 10 åra, skriv The Guardian.

Av prøvane som inneheldt Campylobacter jejuni eller Campylobacter coli viste om lag halvparten å ha resistens mot breispekter antibiotikaen Ciprofloxacin, som blir brukt i behandlinga av vanskeleg campylobakterinfeksjon.

Annonse

I Storbritannia blir om lag 280.000 personar sjuke av campylobacter kvart år og 100 personar døyr.

Neste artikkel

Britiske bønder ber om brexit-garanti