Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

VM i topplausaking for tredje gong

Publisert: 24.01.12 12:21

Det er tredje gong den ukonvensjonelle akefesten blir arrangert, etter at han vart halden i 2010 som eit festleg lite forsøk.

- Første året hadde vi 500 påmelde. I fjor hadde vi 1.000. Følgjer vi same trenden blir det kanskje 2.000 år, seier Sten Hansen, som er initiativtakar, til NRK.no.

Det er premiar i kategoriane raskaste kvinne og mann og for den finaste vinterkroppen. Det er også ein open klasse der beste farkost vert premiert. For dei sjenerte er det lov med kroppsmaling.

Sjå bileta fra akefesten i fjor øvst i saka!

Akinga skal i år arrangerast i ein ny bakke som er langt brattare enn den førre, skriv Lofotposten.

-I fjor hadde vi arrangementet i ein bakke nær sentrum, men då kom det så lite snø at vi måtte køyre 30 lastebillass med snø frå Svolvær. Det har eg ikkje nervar til i år. Derfor har vi funne ein fin, ny bakke, seier Hansen. (©NPK)