Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

2 Bilder

Vil du få fiksa gata di - meld frå på FiksGataMi

Sverre Steen
Publisert: 08.03.11 08:49

Tysdag morgon var det kome inn 450 meldingar på nettstaden FiksGataMi, som blei lansert i går. Frå heile landet fortel innbyggarar om holete vegar, manglande måking og ymse forslag.

Medan fleire kommunar allereie har liknande tenester, dekkjer den nye nettstaden heile landet. Dermed blir det lettare for deg som innbyggjar å melde frå om feil eller manglar, utan å tenkje på kvar du skal rette beskjeden. FiksGataMi sender meldinga vidare til riktig kommune eller etat.

- Utgangspunktet er at du som innbyggjar skal kunne melde frå om ein feil eller mangel, utan at du treng å vite for mykje om kven som burde ha beskjed, seier Christer Gundersen til NRK.

Han er fungerande direktør i Friprogsenteret - eit kompetansesenter som er finansiert av Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Friprogsenteret arbeider for at både næringsliv og det offentlege skal bruke fri programvare i IKT-løsningane sine.

Når problemet er retta opp i, skal kommunen gi beskjed tilbake. Gundersen understrekar at det ikkje ligg nokon garanti i å få retta opp mangelen, sjølv om det no er lettare å melde frå.




Annonse