Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Venstre-politikarar vil oppheve forbod mot blyhagl

Sindre Haugen Mehl
Publisert: 23.02.12 11:25

Venstrepolitikarane Christian Holstad Lilleng, Råde i Østfold, og Mikkel Dobloug, Nord-Fron kommune i Gudbrandsdalen, foreslår å oppheve blyforbodet på jakt utanfor våtmarkene.


Les også: Meiner viltkjøtt er trygt

- Forbodet blei vedteke etter manglande fagleg grunnlag. Det er på tide å endre lova, seier Dobloug ifølgje heimesidene til partiet.


Forståing
Det blei innført forbod mot produksjon, import, eksport, omsetting og bruk av blyhagl 1. januar 2005.


Dobloug seier det er forståing i jegermiljløet for forbod mot blyhagl i våtmarksområde, men seier det ikkje er fagleg grunnlag for totalforbod.


Les også: 95 prosent av elgjegerane brukar blyammunisjon

- 80 prosent av alle haglpatronar blir skoten på skytebanar. Ei endring i lova vil med det berre råke eit mindretal av det totale talet patronar i løpet av eit år, seier Dobloug, som sjølv er jeger.


Holstad Lilleng seier Noreg vil vere meir i takt med restriksjonsnivået i Europa med eit unnatak frå totalforbodet.

- Noreg, Danmark og Nederland er dei einaste som har eit slikt totalforbod. I Sverige gjekk dei bort frå planane om eit totalforbod. Det bør vere ein mal for oss, sidan svenskane ligg langt framme i forsking på temaet, seier han.

- Bakstreversk
Viltforskar Jon Martin Arnemo kallar forslaget bakstreversk.

- Me har døme frå Noreg der jegerar har blitt akutt blyforgifta etter å ha ete rype som var skoten med blyhagl. Bly er miljøgift, og å oppheve forbodet er å gå baklengs inn i framtida, seier han til nationen.no.

Arnemo medgir at Venstre-politikarane har eit poeng i at forbodet blei vedteke på sviktande grunnlag i 2005, men seier det er bakstreversk å gjere om på lova.

- Miljøaspektet tok kanskje litt overhand, seier han.

Forbode i Tyskland og California
Arnemo seier Europa som heilskap går mot totalforbod av bly.

- I Tyskland har dei innført forbod i fleire regionar og i California er bly forbode. Bly er eit metall me på prøve å fase ut, seier viltforskaren.

Han seier årsaka til at mange jegerar likar blyhagl best, er at ammunisjonen er meir effektiv enn stålhagl, og at alternativa som er like gode er dyrare.

- Eg vil rå politikarane til å engasjere seg i blydebatten og kjempe for eit blyforbod også på storvilt. Det er eit problem. Oppheving av blyhagl er ein veldig sær politisk sak å kjempe for, seier Arnemo.