Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vekst for Nortura og 252 millionar kroner i overskot

Bjarne Bekkeheien Aase
Publisert: 15.02.12 12:03

Nortura la onsdag fram eit resultat før skatt på 252 millionar kroner i overskot for 2011.

Det er 73 millionar kroner svakare enn i 2010, men langt betre enn dei tre føregåande åra.

Nær 850 millionar i pluss på drifta

Driftsresultatet før av- og nedskrivingar blei på 846 millionar kroner i pluss i fjor.

Justert for eingongspostar er det 77 millionar kroner betre enn i 2010, skriv Nortura i børsmeldinga.

- Arbeidet begynner å gi resultat

- Konsernet leverer akseptable resultat trass i at bruttomarginen har gått ned 0,3 prosent og kjøttprisen i sluttmarknaden har gått ned 3,2 prosent. Vi jobba i motvind heile første halvår, men arbeidet med å kutte kostnader og stimulere til auka sal og høg innovasjonstakt begynner å gi resultat, seier styreleiar Sveinung Svebestad i Nortura.

Han seier Nortura framleis har eit langt stykke å gå og at intensiteten i endringsprosessen ikkje blir redusert.

Vekst i omsetninga

Omsetninga gjekk opp med 4,7 prosent i fjor til totalt 18,1 milliardar kroner.

Det til forskjell frå året før då den samla omsetninga gjekk marginalt ned frå året før.

Nortura trekkjer fram lanseringa av biffserien Gilde Langtidsmørnet som ein suksess og at merkevarene Gilde og Prior beheld ein sterk posisjon i marknaden.

Tek strukturgrep på fjørfe

Den bondeeigde kjøttkjempa gjennomførte også fleire strukturgrep på fjørfeanlegga.

- Vi får ein enklare og meir effektiv struktur innan egg og fjørfe, seier konsernsjef Runar Larsen.

Reduserer gjelda

Dei samla investeringane for 2011 var på 270 millionar kroner.

Netto renteberande gjeld vart i løpet av 2011 redusert med litt over 100 millionar kroner til rett under 1,8 milliardar kroner totalt.

Resultatet etter skatt i 2011 er på 185 millionar kroner.

Eigd av 18.800 bønder

Det vart gjennomført 5500 årsverk i Nortura i fjor fordelt på 34 fabrikkar i 14 fylke.

Nortura er eigd av 18.800 norske bønder.