Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Usemje om Tine på Stortinget

Hilde Lysengen Havro
Publisert: 08.03.12 19:05

I Nationen i går bad Hovedorganisasjonen Virke landbruksminister Lars Peder Brekk om å ta initiativ til ein gjennomgang av marknadsreguleringsordninga for mjølk .

Ein runde mellom partia på Stortinget syner at organisasjonen har støtte frå høgresida for ynsket om å finne alternativ til dagens system, der landbrukssamvirka fungerer som marknadsregulatorar.

Lengst går Frp, som vil oppheve ordninga heilt. Dei raudgrøne partia vil halde på dagens ordning, og får støtte frå KrF.

- I landbruksmeldinga er me tydelege på at me vil vidareføre dagens ordning. Samstundes skal marknadsreguleringa fungere optimalt, og ta omsyn til variasjonar i forbruksmønsteret, seier leiar i næringskomiteen på Stortinget, Terje Lien Aasland (Ap).

Opnar for anna løysing
Høgre vil halde på marknadsregulering, fordi partiet meiner reguleringa er viktig for planlegging og økonomien i landbruket.

Partiet er likevel opne for å sjå på alternativ til dagens ordning, og næringspolitisk talsmann Svein Flåtten støttar Virke sitt krav til Brekk om gjennomgang.

Les også: Bondelaget meiner Noreg bør lære av svensk smørmangel

- Det er problematisk at Tine og Nortura både er aktørar og sit med ansvaret for å regulere marknaden. Som regulatorar har dei eit heilt anna innsyn i marknaden enn konkurrentane, seier Flåtten.

Også Frp støttar Virke sitt krav om gjennomgang av ordninga, men seier det må vera ei uavhengig gruppe, og ikkje Brekk, som vurderer ordninga og ser på alternativ.

Les også: Fire av fem er uberørt av smørmangel

- Når landbruksmeldinga forsvarer og vidarefører ordninga, gir svaret på ein eventuell gjennomgang frå Brekk seg sjølv, seier næringspolitisk talsmann, Torgeir Trældal.

Stortinget skal diskutere
Næringskomiteen skal om to veker ta stilling til eit representantframlegg frå Frp om å skilje marknadsregulatorrolla frå marknadsaktørrolla i matsektoren. Torgeir Trældal, ser for seg at Statens Landbruksforvaltning i ein overgangsperiode har reguleringsansvaret.

Les også: Frp vil fjerne tollsatsen på smør

- Om Høgre støttar Frp sitt framlegg, vil det koma endringar etter stortingsvalet i 2013, lovar Trældal.

For at det skal skje må likevel Høgre og Frp få fleirtal, noko partia ikkje ligg an til å få på dei siste meiningsmålingane.

Les heile saka i e-avisa eller i papirutgåva fredag 9. mars