Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Usemje om kven som er den svake part i matmaktspelet

Bjarne Bekkeheien Aase
Publisert: 20.10.11 20:02

I ein kronikk i Dagens Næringsliv i går skriv konsernsjef Tommy Korneliussen i NorgesGruppen at daglegvareleverandørane i realiteten er den mektige og godt organiserte parten. Sjølv framstiller toppsjefen i landets største matkjede seg som den svake part.

«Vi for vår del føler oss ofte som en rev, tett fulgt av et kobbel med veltrente hunder», skriv Korneliussen med referansar til forhandlingane kjent som «haustjakta».

Matkjedeutvalet konkluderte tidlegare i år med at «handelens paraplykjeder har økt sin forhandlingsstyrke overfor leverandørene», noko Korneliussen skriv viser at daglegvareleverandørane har fått fullt og heilt gjennomslag for sitt syn i utvalet.

- Ser annleis ut frå vår side

Matleverandørar som Nationen har vore i kontakt med, kjenner seg ikkje igjen i bilete Korneliussen teiknar av maktforholda.

Daglegvareleverandørenes foreining (DLF) seier rapporten til Matkjedeutvalet gir eit godt bilete av maktsituasjonen.

- Korneliussen framstiller seg som reven som blir jakta på, men frå leverandøranes side ser det heilt annleis ut. Det er ikkje tvil om at kjedene har fått stor makt dei siste åra, noko Matkjedeutvalet får godt fram. Det vesentlege er derimot korleis denne makta blir brukt, og vi støtter derfor forslaget om eit eige ombod for bransjen, seier dagleg leiar Helge Hasselgård i DLF.

Les også: EUs matmakt-ekspert oppmodar norske mataktørar til å snakke saman

Les også: Nettmøte: Hvem har skylda for høye matpriser?

Les også: Nilf-sjef: - Berre ein fjerdedel av høgare matprisar går til bøndene

Han vil ikkje kommentere kva han trur er årsaka til at Korneliussen vel å framstille matkjedene som den svake part.

- Konstruktivt

I staden for å lovregulere forholdet mellom aktørane og opprette eit ombod, tar konsernsjefen i NorgesGruppen til orde for at handelen og leverandørane opprette eit eige utval som skal løyse tvistar om god handelsskikk. Det forslaget blir godt mottatt.

- Det er eit konstruktivt innspel og eit signal om at matkjedene kjem oss i møte og meiner noko må gjerast, seier Hasselgård.

Les meir om denne saka i eavisa til Nationen. Ho kan kjøpast her.