Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

USA: «Naturleg mat» har større gjennomslag enn økologisk

BEATE SLOREBY
Publisert: 22.02.12 19:44

Nyleg besøkte Nofima delstaten Wisconsin i USA for å studera kjøtbransjen og omsetjinga av kjøt.

Den viktigaste trenden i USA for tida heiter «natural». Det betyr at kjøt skal vera minst mogeleg foredla og ikkje vera tilsett fleire stoff enn stengt nødvendig. Som eit eksempel er bruken av monosodiumglutamat (MSG) sterkt redusert. Nitritt og nitrat er gjerne erstatta med selleripulver, som gjev same stabile raudfarge på produkta, men som etter enkelte si meining tek seg betre ut på etiketten. «Natural» har no større gjennomslagskraft i marknaden enn økologisk. Interessa for økologisk mat har stagnert, og omsetjinga av økologisk kjøt utgjer berre ca. 3 % av totalen. Trenden med å tilsetja mindre salt og natrium til kjøtvarer held fram. Det finst også eit bra tilbod av gluten-frie kjøtvarer. Låg-karbo er ut Bølgja på låg-karbo hadde ein kortvarig topp i USA rundt 2005, men får lite merksemd no. Dei me møtte i USA, hadde lita tru på at trenden på låg-karbo vil vara særleg lenge i vår del av verda heller. Amerikanarane er mykje opptekne av auka tilgang på ferdige måltid. I kjøtindustrien er heile måltid som er varmebehandla etter prinsippet med kok-i-pose mykje brukt. Lokal-produsert mat er i vekst i USA, og mange lokale småbedrifter har opna utsal i nærmiljøet eller sel kjøtvarer over nett. Argumentet om kortreist mat blir brukt aktivt i marknadsføring av kjøt og netthandel med mat blir stadig meir populært. Nye krav for tryggare mat Mattryggleik har lenge fått stor merksemd i USA, truleg endå meir enn i Norge og andre deler av Europa. No har helsestyresmaktene i USA komme med krav til 6 nye E. coli-bakterietypar, i tillegg til tidlegare krav til type O157. Det er føreslege å innføra null-toleranse for alle desse typane av E. coli frå juni 2012. Den viktigaste trenden i USA for tida heiter «natural». Det betyr at kjøt skal vera minst mogeleg foredla og ikkje vera tilsett fleire stoff enn stengt nødvendig.

Som eit eksempel er bruken av monosodiumglutamat (MSG) sterkt redusert. Nitritt og nitrat er gjerne erstatta med selleripulver, som gjev same stabile raudfarge på produkta, men som etter enkelte si meining tek seg betre ut på etiketten.

NATURLEG STØRRE ENN ØKOLOGISK
«Natural» har no større gjennomslagskraft i marknaden enn økologisk. Interessa for økologisk mat har stagnert, og omsetjinga av økologisk kjøt utgjer berre cirka tre prosent av totalen, skriv Nofima.

Les også: EU og USA inngår økologisk handelsavtale

Trenden med å tilsetja mindre salt og natrium til kjøtvarer held fram. Det finst også eit bra tilbod av gluten-frie kjøtvarer.

LÅG-KARBO ER UT
- Bølgja på låg-karbo hadde ein kortvarig topp i USA rundt 2005, men får lite merksemd no. Dei me møtte i USA, hadde lita tru på at trenden på låg-karbo vil vara særleg lenge i vår del av verda heller, skriv Tom Chr. Johannessen og Oddvin Sørheim i Nofima.

Amerikanarane er mykje opptekne av auka tilgang på ferdige måltid. I kjøtindustrien er heile måltid som er varmebehandla etter prinsippet med kok-i-pose mykje brukt.

Les også: Antibiotika i fôret endrer grisemagen

Lokal-produsert mat er i vekst i USA, og mange lokale småbedrifter har opna utsal i nærmiljøet eller sel kjøtvarer over nett. Argumentet om kortreist mat blir brukt aktivt i marknadsføring av kjøt og netthandel med mat blir stadig meir populært.

NYE KRAV
Mattryggleik har lenge fått stor merksemd i USA, truleg endå meir enn i Norge og andre deler av Europa. No har helsestyresmaktene i USA komme med krav til 6 nye E. coli-bakterietypar, i tillegg til tidlegare krav til type O157. Det er føreslege å innføra null-toleranse for alle desse typane av E. coli frå juni 2012.

Denne artikkelen ble første gang publisert på norsklandbruk.no. Les her