Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Underskot for Tyr i 2011

Bjarne Bekkeheien Aase
Publisert: 21.03.12 13:22

Avls- og interesseorganisasjonen for kjøttfe- og ammekuprodusentar, Tyr, fekk i 2011 eit underskot på vel 278.000 kroner på drifta.

Årsresultatet vart nær 250.000 kroner i minus, viser rekneskapen som blei lagt fram av dagleg leiar Oddbjørn Flataker på årsmøte i Hurdal i Akershus onsdag.

Omsetninga auka med vel tre millionar kroner frå 9,9 til 13,1 millionar kroner frå 2010 til 2011, men overskotet på ein halv million kroner i 2010 er snudd til vel ein kvart million i minus i 2011.

Årsaka til dårlegare resultat skal ifølgje styreleiar Erlend Røhnebæk vere skifte av dagleg leiar.