Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Trygve Slagsvold Vedum seier endra grenser for kylling lett kan ramme næringa

Bjarne Bekkeheien Aase
Publisert: 15.09.12 10:35

Nortura reknar med å mangle over 1000 tonn kylling fram mot jul.

Må importere kylling
Produksjonsveksten har ikkje halde følgje med den svært sterke vekst i salet av kyllingkjøtt.

Marknadsregulator Nortura ber derfor om redusert toll på kylling for å kunne dekkje etterspørselen i marknaden med importert kylling.

Les også: Nortura ber om tollkutt på kylling for å dekke sterk salsvekst

Mangelen på norsk kylling har fått fleire aktørar i landbruket til å be om auka konsesjonsgrenser i kyllingproduksjon.

Les også: Mangel på kylling skaper debatt om produksjonsgrensa

Vedum skeptisk til auka grenser

Landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) er derimot skeptisk i utgangspunktet.

- Kyllingproduksjonen er svært følsam og svarar fort på endringar. Skulle konsesjonsgrensene blitt auka, kan ein fort gå i frå eit underskot til eit overskot på norsk kylling, og det rammar raskt næringa i form av lågare prisar, seier Vedum til nationen etter den landbrukspolitiske debatten på Dyrsku'n.

- Betyr det at du ikkje ser det som aktuelt å heve konsesjonsgrensa?

- Auka produksjonsgrense kan umiddelbart verke positivt for den enkelte, men kan lett slå svært negativt ut i neste omgang. Ein må iallfall vere ekstremt forsiktig med endringar. Vi vil ha ei varsam tilnæring til spørsmålet, og vi vil iallfall ikkje gjere noko overilt, seier Vedum.

Vil vurdere meir fleksibel grense
Landbruksministeren seier målet er å vere sjølvforsynt også med kylling her i landet, og han peiker på at veksten i marknaden opnar for nyetableringar og utbygging av nye kyllinghus.

- Fjørfelaget tek til orde for ei fleksibel konsesjonsgrense, og at ein kan sjå produksjonen i samanheng over tre år?

- Det får vi vurdere. Fjørfelaget må gjerne kome med innspel til korleis vi betre kan dekkje marknaden med norsk kylling, seier Vedum.