Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tørrfiskproduksjon heile året

Publisert: 08.09.11 15:57

- Om tre månader reknar vi med å kunne ta det nye utstyret i bruk, etter montering og prøvekøyring, fortel Erling Falch jr. ved Saga Fisk. Han legg inn ein eigenkapital på fire millionar kroner for å få det til.

Falch har dermed bestemt seg for å gå motsett veg av det alle andre gjer. Han vil starte opp med ein heilt ny måte å produsere tørrfisk på.

- Mykje av tørrfisken vil framleis produserast utandørs, ikkje minst den tradisjonelle tørrfisken som går til Italia. Men det er mykje anna vi kan lage innandørs, seier Falch.

Hovudkonkurrenten på desse produkta er i hovudsak Island, som klarer å produsere tørrfisken for ein rimeleg penge blant anna på grunn av prisane på energi.

- Det er ei utfordring for oss, vi har ein jobb å gjere der. Men vi trur vi har mykje godt råstoff til gjengjeld og at det skal kunne kompensere for energikostnadene og dei føremoner dei har, seier Falch.

LES OGSÅ: Ulovlig tørrfiskeksport straffes med 8,5 millioner

LES OGSÅ: Russland framleis vår beste aurekjøpar

Saga Fisk i Svolvær har fått risikolån frå Innovasjon Noreg og satsar totalt femten millionar kroner på å etablere ein kunstig tørrfiskproduksjon i Lofoten.

Målet er å vere klar til produksjon i januar neste år. (©NPK)