Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tollvern-siger for Senterpartiet: Regjeringa går frå kronetoll til prosenttoll på fleire landbruksvarer

Hilde Lysengen Havro
Publisert: 17.09.12 19:53

Frå 1. januar 2013 blir det prosenttoll i staden for kronetoll på ei rekkje landbruksvarer. Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV har vorte samde om å styrkje importvernet for biffilet, lammekjøtt og faste ostar. Det gir Sp ein kjærkomen siger etter den massive kritikken partiet og regjeringa møtte etter brotet i jordbruksforhandlingane i vår.

- Det er svært viktig for norsk landbruk at me styrkar tollen. Regjeringa si målsetjing er å auke norsk matproduksjon med 20 prosent dei neste åra, då er overgang til prosenttoll på viktige jordbruksprodukt nødvendig, seier landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Les også: Betre tollvern hadde fått bøndene til å forhandla

I 2010 vedtok regjeringa å gå over frå kronetoll til prosenttoll på mjølk. Vedum seier det var nødvendig for å sikre mjølkemarknaden i Noreg.

- Tollvern er berebjelke for å sikre matproduksjon over heile landet. Kan bøndene ta ut betre prisar i marknaden på norskprodusert mat, vil matproduksjonen auke, seier Vedum.

Største endring sidan 1995
Vedum seier tida var overmoden for å endre tollsatsane.

Les også: Tollfritt for 8 av 10 ostar frå utlandet

- Det er den mest omfattande endringa i tollvernet sidan 1995, då Noreg vart med i WTO. Med prosenttoll på biffilet, faste ostar og lam forsterkar regjeringa linja frå 2010, seier Vedum.

I vår kunne Nationen avsløre at EU i brevs form til Landbruks- og matdepartementet føre jordbruksforhandlingane åtvarar Noreg mot å styrke tollen. Den danske næringsministeren åtvara Noreg mot tollstyrking, og sa det kunne få konsekvensar for eksport frå Noreg på andre produkt. Vedum avviser at det bryggjer opp til konflikt med EU.

- Regjeringa er opptekne av å ha eit regelbasert internasjonalt handelssystem. Me fylgjer regelverket og dei rammene som ligg innanfor WTO-avtalen, seier Vedum.

Ikkje prishopp på mat
Han seier det nett no er vanskeleg å anslå kor mykje tollendringa er verdt, men avviser at det vil føre til noko stort prishopp for norske forbrukarar.

- Overgang til prosenttoll vil sikre rammene for at jordbruket over tid skal kunne ta ut marknadsprisar som fylgjer den generelle kostnadsutviklinga for landbruk og matproduksjon i Noreg. Dette er svært viktig, og vil sikre ein nasjonal marknad, seier Vedum.

- Tollsatsane for dei fleste landbruksvarer er på eit fast kronebeløp som har stått uendra sidan 1994.

Les også: NHO Mat og Drikke støttar motstand mot prosenttoll

Vedum seier regjeringa gjer tollendringar no for å kunne bruke handlingsrommet for landbruket seinare, og seier det ikkje er dramatiske endringar.

- Styrking av tollvernet gir handlingsrom til regjeringa på landbruk, som kan takast ut i komande jordbruksavtalar. Me er oppteken av å sikre norsk matindustri og auke matproduksjonen. Det var ikkje mogleg å styrke tollvernet med dagens kronetoll, difor var ei endring nødvendig, seier Vedum.

Raudgrøn tollstrid
Som Nationen har skrive om tidlegare har dei raudgrøne partia forhandla om styrking av tollvernet i budsjettsamtalane. Ifølgje kjelder Nationen snakka med etter brotet i jordbruksforhandlingane i mai arbeidde dåverande landbruks- og matminister Lars Peder Brekk for å gi signal til bondeorganisasjonane om at regjeringa ville styrke tollvernet. Statsminister Jens Stoltenberg, finansminister Sigbjørn Johnsen og samhandlingsminister Karl-Eirik Schjøtt-Pedersen sette då foten ned for Brekk sitt ynske.

I sine merknader til jordbruksoppgjeret bad dei raudgrøne partia i næringskomiteen på Stortinget regjeringa om å utnytte tollvernet i større grad.

- Har det vore harde forhandlingar i regjeringa om tollvern?

- Tollvern er eit stort politisk spørsmål det var vore mykje merksemd kring. Regjeringa har i fellesskap kome fram til å endre tollvernet. Det er ei god løysing alle partia er nøgde med, seier Vedum.

Les også: Fylkesleiarar i Sp seier gjennomslag for styrka tollvern er avgjørande for partiet

Dei seinare åra har særleg importen av ost auka monaleg. Bondeorganisasjonane har ved fleire høve etterlyst betre importvern, for å sikre produksjon og avsetning på mjølk.

Importen av ost var i fjor på nesten 11.000 tonn, som er ei tredobling frå 2000. Den samla importen av meierivarer auka med 22 prosent i fjor, til 27.750 tonn. Samstundes vart importen av storfekjøtt dobla, og prognosar syner at 18 prosent av biffane blir importert frå utlandet i år. Rundt 8 prosent av årets forbruk av lammekjøt vil i år vera importert.