Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

2 Bilder

«Tilrådd norm» for nynorsk lèt vente på seg

Publisert: 24.02.12 20:24

Språkrådet har enno ikkje fått svar frå departementet om den omstridde tilråddnorma.

- Språkrådet ønskjer å gi så gode råd som mogleg om språkbruk. Om det da også skal omfatte råd om å velje bestemte variantar innanfor normalen, det må vi nesten vente med å seie noko om til saka er ferdigbehandla i departementet, seier språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen.

Departementet har signalisert at dei vil sjå spørsmålet om tilrådd norm i samanheng med dei normeringsfullmaktene det nye Språkrådet skal ha. Før var ansvarsdelinga mellom det tidlegare Norsk språkråd og departementet regulert gjennom vedtektektene til rådet, og det er ei tilsvarande regulering departementet no arbeider med.

- I den samanhengen kan det tenkjast at Språkrådet får fullmakt til å gjere visse former for normering sjølv. Da kan det vere naturleg å komme tilbake til spørsmålet om utbreidde bruksmønster innanfor ei norm, eventuelt også om Språkrådet sjølv skal kunne tilrå visse former, seier han.

Den tilrådde norma er tenkt som ei eiga ikkje-obligatorisk norm, eit «trygt kvalitetstilbod» for dei som vil skrive «regelrett og stilsikkert», slik det vart lagt fram av Språkrådet i mai i fjor. Den tilrådde norma skal vere ei smalare norm ved sida av den nynorsknormalen som departementet godkjente i september i fjor, og som tar til å gjelde 1. august.

Framlegget om å lage ei valfri norm med tilrådde former i tillegg til den vidare offisielle nynorsknormalen har vorte kritisert for i røynda å vere ei vidareføring av hovudnormalen. Nynorsknorma har til no vore delt i hovudformer og sideformer, eit skilje som elles er tatt bort i 2012-normalen. (©NPK)



Annonse