Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tilbyr ny webteneste for bønder

Publisert: 14.03.12 19:31

- Jordplan er eit verktøy for å dokumentere jordprøver, skifte og vekstar, miljøplanar, slam og kalking, bygd på ein robust, geografisk modell, heiter det på nettstaden.

Webtenesta skal òg gi enkel tilgang til fleire datakjelder som ortofoto, jordsmonnskart, dreneringsbehov og vasskjelder, hjelpe med enkel gjødselplanlegging og fungere som arkiv.

I ei pressemelding viser Jordplan AS til at større fokus på økonomi og miljø i landbruket krev oppdatert kunnskap om jord og næring for å få gode resultat.

- Korleis plantane utnyttar næringa i jorda er viktig for framtidig matproduksjon, og med moderne datateknologi kan bonden enkelt lage ei detaljert beskriving av jorda sine der ein kombinerer offentleg tilgjengeleg kartdata og nasjonale fagdatabasar med jordanalysar, observasjonar og planar frå bonden, heiter det i pressemeldinga.

Jordplan AS er etablert og eigd av Norsk Landbruksrådgivning Viken, Skolmar Jordlaboratorium, Hillestad Landbruksdrift AS og Smallworld Systems AS. (©NPK)