Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tidlegare Tine-sjef Jan Ove Holmen fekk rett til slutt

- Eg var forelska i Tine, seier tidlegare Tine-konsernsjef Jan Ove Holmen om sin gamle arbeidsgjevar. Det var brutalt å bli miste jobben, seier han, men no er han berre glad.

Etter tre rundar i rettsapparatet vart det sist veke sett endeleg punktum for den årelange rettsstriden mellom Konkurransetilsynet og Tine. At utfallet vart full siger for meierikjempa er det ein som er særleg glad for. Det er Jan Ove Holmen, tidlegare konsernsjef i Tine. I februar 2005 gjekk han frå stillinga si som følgje av det pressa hadde døypt «Tine-skandalen».

Letta

- Eg fekk dei første meldingane frå gamle kollegaer i Tine like etter at dommen fall, seier han.

Sidan då har det rent inn med meldingar frå vener, kjende og ukjende. Den tidlegare konsernsjefen er overvelda og letta. Men han legg til at han ikkje på noko tidspunkt har følt at han burde ha dårleg samvett, for han har alltid meint at han ikkje har gjort noko gale.

- Men sjølv om eg tenkte at eg hadde rett, var det veldig godt å få rett også, seier Holmen.

Rema og Ica

Soga om Konkurransetilsynet og Tine er ei forteljing om eit varsla oppgjer. Hausten 2004 fekk leiinga i Tine melding om at noko var i gjære, rykta gjekk om at Konkurransetilsynet var ute ette å teste den nye lovgivinga. Samstundes byrja tonen mellom leverandørane og matvarekjedene å bli skarpare.

- Eg var klar på at den såkalla haustjakta, korleis ein kom fram til avtalar om prisfastsetjing på matvarer, var uverdig. Vi opplevde at våre tilsette kom gråtande tilbake etter møte med matvarekjedene, seier Holmen.

Saka byrja rulle i desember 2004. VG skreiv at «Oste-Synnøve rasar mot Tine». Konserndirektøren i Synnøve Finden skulda Tine for skittent spel, I februar året etter tok saka ei ny og meir dramatisk vending då VG skreiv at Tine hadde tilbode Ica 16 millionar for å slutte å selje Synnøve Findens ostar. «Bondemafia» og «monopol» var ord som vart brukt i den påfølgjande debatten. Salet av Tine-ost stupte. To veker etter VG-oppslaget sto konsernsjefen utan jobb.

Opp ned

Jan Ove Holmen fekk snudd livet opp ned den vinteren. Som konserndirektør var han alltid på jobb.

- I den type stillingar tel ein ikkje timar, seier han.

- Eg gleda meg ikkje berre til å gå på jobben. Eg var forelska i Tine, seier Holmen.

Å miste jobben var eit hardt slag.

- Det blir som å miste identiteten sin. Det er enormt brutalt, og gjer veldig vondt. Og det gjorde det sjølvsagt langt verre at det heile skjedde i full offentlegheit.

Då saka stod på som verst, hadde Holmen eit mantra som han sa til seg sjølv.

- Kvar morgon sa eg «dette har skjedd deg, og eg veit ikkje kva eg kunne ha gjort annleis». Han orka ikkje sjølv å vere til stades på pressekonferansen der han trekte seg. Han var på hytta. Radioen stod på heile dagen. Kvar halvtime melde den at «konsernsjefen i Tine trekkjer seg på dagen». Holmen sat med ei uverkeleg kjensle.

- Eg hugsar at eg tenkte, kan dette verkeleg vere så viktig?

Hegnar og Bondelaget

Sidan det var den bondeeigde giganten Tine som såg ut til å ha drive med ulovlegheiter, vart debatten som følgde politisk. Den handla om bøndenes rolle og om marknadsmakt.

- Dagen etter VG-oppslaget kravde leiaren i eit fylkesbondelag hovudet mitt på eit fat. Det gav vatn på mølla til alle dei som ikkje likar landbrukssamvirket. Dei fekk nokon å støtte seg på frå innsida. I alle debattprogram kunne Trygve Hegnar og andre støtte seg til henne. Eg hamna i ein situasjon der det var veldig vanskeleg å forsvare seg, seier han.

Holmen er likevel klar på at han ikkje ber nag til nokon.

Annonse

Brutal gransking

Som del av etterforskinga gjennomførte Konkurransetilsynet razzia i Tines kontorlokale og heime hos sentrale Tine-medarbeidarar. Dei leita under madrassar og inne i klesskap etter bevis for lovstridige planar.

- Det var ein som måtte reise med dei til Kristiansand, dei møtte opp og bad han om å bli med same dag. Han hadde eit flyttelass ståande på eit mellomlager, og måtte bli med for å låse det opp. Måten dei gutane, det var mest gutar der, gjekk fram på, med den kulden og den brutaliteten, det overraska meg.

- Men om ein skal granske ulovlegheiter, kan ein jo ikkje berre ta den mistenkte sine ord for god fisk?

- Eg har inga anna erfaring med slikt, så eg kan ikkje svare på korleis det brukar å vere. Vi reagerte på at det var konkurransetilsynet sine folk som gjorde ransakinga og ikkje profesjonelle politifolk. I tillegg var det noko med måten.

Konkurransetilsynets menn var ikkje heime hos Holmen, men dei beslagla fem av notatbøkene hans. Han har framleis ikkje fått dei tilbake.

- Korleis opplevde du Tine som arbeidsgjevar i denne tida?

- Akkurat det kunne eg ha skrive ei heil bok om. Det er så mykje å seie. Men eg hadde styreleiaren Jostein Frøyland 100 prosent på mi side heile tida. Etter oppslaget i VG tenkte eg nok at det gjekk mot slutten for meg i Tine, seier Holmen.

Det skulle vise seg at han hadde rett.

- Alt helga etter oppslaget var det nokre av styrerepresentantane som trudde meir på Ica enn på meg, så var det fleire som vippa. Det heile forsterka seg i løpet av veka.

Samstundes kunne pressa sitere styremedlemer på at «ingen er uerstatteleg».

Eit paradoks

Det er to litt underlege samantreff i denne historia. Den eine er Holmens tilhøve til Synnøve Finden.

- Eg var den i Tine som forsvarte Synnøve Finden mest. Så når eg først måtte gå, er det eit paradoks at det var på akkurat denne saka.

Det andre er at konsernleiinga i Tine hadde trena mykje mediehandtering i krisesituasjonar. Dei hadde øvd på kva ein skulle seie om sur mjølk, uheldige bakteriekulturar i yoghurt eller ein om tankbil som eksploderte.

- Vi hadde til og med trena på eit scenario der Tine-tilsette hadde reist på heisatur til utlandet. Men vi vart tatt på senga, seier han.

Matmakta

Og når saka først tok av i pressa, hadde Tine ingen sjanse til å nå gjennom med sin versjon.

- Når det gjeld det, kunne vi nok ha gjort ting annleis, seier han.

- Det er seks år sidan Konkurransetilsynet starta granskinga av Tine. Meiner du at det har vore forskyvingar i maktforholdet mellom leverandørar og matvarekjedene sidan då?

- Det endrar seg stadig til meir makt for kjedene. Men eg har stor tru på ein modell med store leverandørar og store kjedar. Eg trur forbrukarane får det beste tilbodet i eit spenningsfelt mellom sterke aktørar. Eg har lite tru på at eitt felt skal dominere for mykje. Bonden kan ikkje dominere kjeda frå jord til bord.

Neste artikkel

Gården er en suveren arena for læring og omsorg – bruk den!