Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Terje Breivik i Venstre til åtak på Navarsete om kommunesamanslåing

På kommunestrukturkonferansen til Lokalsamfunnsforeininga i Oslo måndag slakta kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) argumenta for kommunesamanslåing . Nestleiar Terje Breivik i Venstre reagerer på utspelet. Les også: Professor seier det er ein myte at Noreg har små kommunar - Navarsete seier indirekte at ho er nøgd med den enorme sentraliseringa av makt og veksten i statsforvaltinga ho og regjeringa er ansvarlege for, seier han. Vil ha sterkare kommunarBreivik seier Venstre vil ha sterkare kommunar og at kommunesamanslåing ikkje er eit mål i seg sjølv. - Men det kan vere nødvendig for å desentralisere makt og oppgåver og slik styrka distrikta, seier han. Les også: Høgre seier innhaldet i kommunane er viktigare enn inndelinga Venstre ønskjer ei kommunereform, der kommunane skal ta over fleire statlege oppgåver. Det vil ifølgje Breivik vere ein fordel for distrikta. - I dei sju åra dei raudgrøne har regjert, er det oppretta nesten 17.000 nye statlege arbeidsplassar. Meir enn ein tredel av dei er i Oslo. I 2011 voks folketalet i hovudstaden med nesten 16.000, men i heimfylket til Navarsete opplevde heile åtte kommunar negativ utvikling. Kva er svaret til Navarsete for å snu dette om ho ikkje vil styrka kommunane på bekostning av staten, seier Breivik. Nokre skal få fritakHan er samd i Navarsete at grenser, identitet og tilhøyre er viktige aspekt i debatten om kommunesamanslåing. - Men kva blir igjen å føle tilhøyre til om sentraliseringa held fram med same tempo som dei siste åra, seier han. Breivik meiner mange kommunar må bli større for at dei skal bli i stand til å handtere veksten i oppgåver og ansvar som Venstre ønskjer. - Når Stortinget er samde om kva for oppgåver kommunane skal ha, fastsett Stortinget eit mål for talet på kommunar. Dei må få fridom til å finne kvarandre. Ein miks av nye oppgåver og ressursar, og eit inntektssystem som premierar samanslåing, er gulrøtene. Kommunar der topografi eller avstandar gjer det meiningslaust å slå saman, må få unntak, seier Breivik.

Annonse

Neste artikkel

Sp inviterer til forsvarsallianse