Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Synnøve Finden importerer 300 tonn smør fram til nyttår

Hilde Lysengen Havro
Publisert: 14.12.11 17:12

I førre veke byrja Synnøve Finden å importere smør for å dekkje opp smørmangelen i Noreg.

Les også: Auka produksjon ikkje nok til å dekkje etterspurnaden

Fram til nyttår skal meieriselskapet importere om lag 300 tonn smør til den norske marknaden.


Belgisk smør
Det er belgisk smør som vil fylle butikkhyllene dei neste vekene.


Les også: Mattilsynet godtar salg av smør som ikke har norsk merking
Les også: Tine hevder avgiftskutt på melk kan gi mer smør

-Me har leita etter smør som er så likt det norske smøret som er mogleg. For oss har det vore viktig at forbrukarane skal få eit smør tilsvarande det dei er vande med, og at det held høg kvalitet, seier meieridirektør i Synnøve Finden, Magnus Tollefsen.


Les også: Frp vil fjerne tollsatsen på smør

Mesteparten av smøret blir importert gjennom ein WTO-kvote på 260 tonn smør som Synnøve Finden kjøpte i 2010. Tollsatsen på kvoten er 3,32 kroner per kilo.


-Kunstig låge prisar

Synnøve Finden ville truleg ikkje brukt smørkvoten sin om det ikkje hadde vore mangel på smør i norske butikkar.


-Prisane på smør i Noreg er kunstig låge. For oss har det difor vore billegare å kjøpe smør her enn i utlandet, seier Tollefsen.

Les heile saka i e-avisa til Nationen torsdag 15. desember