Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Stønad til biogass

Det er mellom anna busselskapet AtB som skal bruke biogass i bussane sine i Trondheim, men også andre aktørar med store bilparkar har synt interesse for biogass, fortel Håvard Wollan, som er dagleg leiar i Biokraft AS. - Me vonar å kunne utvikle marknaden og infrastrukturen for biogass, som er eit klimanøytralt drivstoff. Stønad frå Enova er avgjerande for å kunne realisere prosjektet, seier Wollan, som vonar å kunne tilby biogass til kundar i Trondheim alt i 2012. Til å produsere biogass brukar Biokraft i all hovudak biologisk avfall frå friskeoppdrettsanlegg, i tillegg til slakteriavfall og husdyrgjødsel. Enova har kartlagt at potensialet for biogass i Noreg er på om lag 6 TWh, og då er skogressursane halde utanfor. - Dette er ressursar som elles ikkje ville vorte nytta. Regjeringa vil vera med på å utvikle nye mulegheiter for fornybar energiproduksjon, seier politisk rådgjevar i Olje- og energidepartementet, Ivar Vigdenes (Sp). Produksjonen vil gje ei brutto biogassmengde tilsvarande 75 GWh. Biokraft har inngått ein samareidsavtale med AGA som skal oppgradere biogassen til drivstoffkvalitet. - Prosjektet til Biokraft er eit godt døme på at produksjon og bruk av biogass bidreg til auka bruk av fornybar energi, seier administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova.

Annonse

Neste artikkel

Klart nei til EUs energibyrå fra Nordland