Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sp, SV og KrF krev veto mot alkoholreklame

Astrid Sverresdotter Dypvik
Publisert: 16.09.11 19:41

Regjeringa må sørgje for at det ikkje blir alkoholreklame på norsk tv. Dette var den klare meldinga frå Senterpartiets nestleiar Trygve Slagsvold Vedum, KrFs Laila Dåvøy og SVs Gina Barstad då utanriksminister Jonas Gahr Støre og helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen i går orienterte Stortingets europautval om arbeidet med EUs tv-direktiv.

- Spørsmålet om alkoholreklame er utruleg viktig for KrF. Vi er opptekne av at vi må bruke reservasjonsretten i denne saka. Slik vi ser det kan ikkje forbodet mot alkoholreklame settast ut av kraft utan at Noreg samtykker til det, seier Dåvøy.

Omstridd direktiv
Det som gjer direktivet så omstridd, er at det vil gjere det mogleg for tv-kanalar som sender frå utlandet, slik mellom anna TV3 gjer, å sende alkoholreklame i sendingar retta mot eit norsk publikum.

I august vart det klart at EU ikkje lar Noreg får unntak frå direktivet. Regjeringa har likevel ikkje gitt opp håpet om å unngå tv-sendt alkoholreklame, og har difor sett sine juridiske ekspertar i sving for å finne alternative løysingar.

Forbod sett ut av spel
- Viss regjeringa driv og greier ut noko som liknar på det som har blitt gjort i Sverige, så er eg svært skeptisk til det, seier Dåvøy.

I Sverige er landets forbod mot alkoholreklame i realiteten sett ut av spel. Svensk TV3 og andre kommersielle tv-selskap som sender frå utlandet, tener millionar på å vise tv-reklame for alkohol, trass i at det er forbode, og trass i at svenske styresmakter arbeider for å stoppe det.

- Sverige har gjort avtalar med Storbritannia, der tv-selskapa sender frå. Likevel tente dei kommersielle tv-selskapa 366 millionar på å sende alkoholreklame i Sverige i 2010. Den type løysingar er ikkje noko for oss, seier Dåvøy.

- Må bruke stoppknappen
Dåvøy minner om at det var ein føresetnad for KrF, då partiet i si tid var med på å sikre fleirtal for EØS-avtalen på Stortinget, at avtalen ikkje skulle endre den restriktive norske alkoholpolitikken.

- Viss vi ikkje kan kjenne oss trygge på at vi får det som vi vil i denne saka, må vi be regjeringa om å trykke på stoppknappen, seier Senterpartiets nestleiar Trygve Slagsvold Vedum.

Han legg til at han ikkje ser nokon grunn til at eit EU-direktiv skal føre til at det blir alkoholreklame på norsk tv så lenge eit fleirtal i Noreg er imot det. Han fryktar at direktivet, viss det blir innført i si noverande form, vil føre til at det norske forbodet mot alkoholreklame ikkje kan oppretthaldast.

- Kan bli oppmjuking
- Det kan bli starten på ei oppmjuking av det norske forbodet mot alkoholreklame. Om utanlandske ølmerker som Carlsberg og Tuborg byrjer kjøpe reklameplass på tv, kor lenge kan vi då nekte Ringnes og andre bryggeri å gjere det? Og viss TV3 sender alkoholreklame til Noreg frå London, kvifor skulle ikkje også TV2 ha lov til å det? Og viss det er alkoholreklame på tv, kvifor skal det ikkje vere lov til å også ha det i blad og aviser? spør Vedum.

Også SVs Gina Barstad fryktar at det norske forbodet mot alkoholreklame står for fall om Noreg ikkje finn ei løysing som er like effektiv som dagens forbod.

- Denne saka er eit typisk eksempel på korleis EØS-avtalen tvingar oss til å gjere ting vi ikkje vil. Eg føresett at vi kjem fram til ei løysing som inneber framleis forbod, elles bør vi gjere bruk av vetoretten, seier Barstad.

Annonse
Annonse
Annonse