Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sp og SV vil gjere EØS til valkampsak

I dag er det open høyring i Stortinget om EØS-avtalen og Norges andre avtaler med EU. Torsdag legg EØS-utvalet i Senterpartiet fram ei innstilling til europapolitikken til partiet.

Leiar Liv Signe Navarsete i Sp seier EØS må bli tema i valkampen i 2013.

Ho skriv i ein kronikk i Nationen i dag følgjande:

Les også: Støtten til EØS øker

- Det er viktig å avmystifisere EØS-avtala. Ho er ikkje avgjerande for å ha økonomisk og politisk samarbeid med EU. Sp ønskjer ein open og fordomsfri debatt om EØS-avtala.

Kronikken er henta frå Nei til EUs årbok 2013; «EØS-avtalen i bevegelse».

Usemje om arbeidsliv

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) har vore klar på at det er uaktuelt for partiet å regjere utan forankring i EØS-avtala. Partisekretær Raymond Johansen stadfestar det overfor Nationen.

- Me har vore tydelege fordi avtala er viktig for Noreg . Ho sikrar norsk næringsliv tilgang til marknaden på like vilkår i Europa, seier han.

I Soria Moria-erklæringa heiter det at samarbeidet til den raudgrøne regjeringa bygger på EØS-avtala og at Noreg ikkje er medlem av EU.

Les også: Professor: - Norge er som et tre fjerdedels EU-medlem

- Det er Soria Moria som er plattforma for politikken til regjeringa, seier Johansen.

Annonse

- Er usemja i regjeringa problematisk for ein heilskapleg raudgrøn profil i valkampen?

- Nei, for me er samde om retninga me vil ta i Noreg. Me har gjennom to periodar synt at me leverer resultat som er viktige for kvardagen til folk. Ap lever godt med at dei raudgrøne partia har ulikt syn på EØS-avtala, seier Johansen.

- Ikkje eit problem

Nestleiar Karin Andersen (SV) i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget er samd i at det ikkje er eit problem at regjeringa er splitta i synet på EØS.

- Standpunkta til partia er kjende for alle. Viss det syner seg at EØS-avtala tvinger oss til å gjere ting me ikkje vil, til dømes svekkje arbeidsmiljølova, må me setje ned foten, seier ho.

Ho seier EØS-avtala fører med seg politikk som høgresida fører.

- Det gjeld å kjenne att høgrepolitikken, uansett kor den kjem frå. Me utfordrar Ap til å forplikte seg til å bruke handlingsrommet avtala gir, for å sikre norsk arbeidsmiljølov, seier Andersen.

Johansen seier Ap ikkje vil akseptere eit regelverk som svekkjer norske arbeidslivsreglar, men er ikkje samd med Andersen i konsekvensane EØS-avtala har for arbeidslivet.

- EØS-avtala er inga hindring for å sikre rettane til norske arbeidstakarar, seier han.

Les heile saka i Nationens eAvis mandag 3. desember. Her kan du og lese Navarsetes kronikk.

Neste artikkel

Lundteigen gir ikke grønt lys til MDG