Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk nynorskpris

Publisert: 04.12.12 16:16

Prisen «Årets nynorskkommune» skal stimulere til god nynorskbruk i kommunane og vart delt ut av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i Det Norske Teatret tysdag.

- Nynorsk er del av den nasjonale kulturarven vår. Språk er eit identitetsskapande verkemiddel og nynorsken er under press. Difor er det viktig å arbeide vidare for å styrkje og halde oppe nynorskbruken. For at vi kan lukkast med det, er det viktig at det offentlege brukar nynorsk aktivt i tenestene sine. Eg skal ikkje leggje skjul på at eg set ekstra pris på at juryen har kåra heimfylket mitt til Årets nynorskkommune 2012, uttaler Navarsete i ei pressemelding frå departementet. Skil seg ut

Det er fjerde gong prisen blir delt ut, men det er første gong ein fylkeskommune vinn. Ifølgje juryen skil Sogn og Fjordane fylkeskommune seg ut blant dei gode søkjarane i år.

- Juryen ynskjer særleg å trekkje fram at Sogn og Fjordane fylkeskommune har utarbeidd konkrete mål for nynorsk som skal følgjast opp av ein strategi i fylket og fylkesadministrasjonen og som Fylkestinget har slutta seg til. Dette viser at den politisk viljen i fylkeskommunen er til stades, og juryen meiner dette er ein føresetnad for å fremje nynorskbruken i fylket, heiter det mellom anna i grunngivinga.

Det blir peikt på rapporten «Språkfakta Sogn og Fjordane 1646 - 2012» som fylkeskommunen fekk utarbeidd i år og som skal gje eit grunnlag for språkpolitisk satsing. Dette har vidare ført til etableringa av eit Nynorsk forum. Ros til Vinje og Eid

Juryen gir òg særleg ros til kommunane Vinje og Eid, som var to av dei i alt sju kommunane som hadde søkt om å vere med i konkurransen.

Eid får ros for den breie oppslutninga om nynorsk frå kulturliv og næringsliv, medan juryen i fleire år har lagt merkt til det gode arbeidet Vinje kommune gjer for å forankre nynorsk i kommunale planar og i administrasjonen.

Prisen er eit bilete og 100.000 kroner. Tidlegare vinnarar er Stord (2009), Seljord (2010) og Fjell (2011) (©NPK).



Annonse