Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Smedshaug: - Prishopp på olje kan vere fordel for landbruket

Bjarne Bekkeheien Aase
Publisert: 12.01.12 09:44

Christian Anton Smedshaug, dagleg leiar på Landbrukets utredningskontor (LU), sa på Temakonferansen torsdag at den politiske viljen til å satse på landbruket også blir avgjort av internasjonale forhold og utviklingstrekk.

Gjeldskrise, produksjonsflytting og landbruksvekst

Smedshaug gjekk i føredraget gjennom årsaker og drivarar til gjeldskrisa i vesten og flyttinga av produksjon og industri til Asia og Kina.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Samtidig viste han til at landbruket internasjonalt opplever både sterk stigande etterspørsel, aukande produksjon og gode prisar.

- Politisk vilje avgjerande

Situasjonen for sjølvforsyning og matproduksjonen i Norge i dag sa han minna forholda før opptrappingsvedtaket midt på 70-talet, og han var klar på at det er fullt mogleg å auke sjølvforsyningsgraden om det er politisk vilje.

- I diskusjonen rundt landbruksmeldinga rundt 1990 tørte dei politiske partia å setje seg klare mål på sjølvforsyningsgraden, og ein klarte å nå dei måla ein sette seg. Det viser at politikk virker viss ein set seg mål, og er villig til å gjere det som må til for å nå måla, sa Smedshaug.

- Oljeprishopp kan vere fordel

LU-toppen sa utfordringa i dag er at landbruksmodellen er underfinansiert.

Les også: KrF med tre krav til landbruksmeldinga

Les også: Brekk: - Utan samvirke når vi ikkje måla i landbrukspolitikken

- Kanskje hadde det vore gunstig for landbruksmeldinga viss striden mellom USA og Iran eskalerte og Persiabukta blei stengt. Eit kraftig hopp i oljeprisen ville kanskje fått politikarane til å sjå på utnytting av naturressursane på ein annan måte enn i dag, sa Smedshaug.

Også på 70-talet førte konfliktar i Midtausten til kraftig oljeprisoppgang.



Annonse
Annonse
Annonse