Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Slik unngår du DLD

Det er ikkje vanskeleg å unngå delar datalagringsdirektivet (DLD), også for dei utan teknisk kompetanse.

Innføringa av datalagringsdirektivet, eller EU-direktiv DIRECTIVE 2006/24/EC, gjer at norske teleselskap går frå å måtte rette seg etter sletteplikt av data, slik det er i dag, til lagringsplikt av data, slik direktivet krev.

Teleselskapa sjølve er også motstandarar av direktivet.

Les òg: Tetzscher stemmer nei

Når datalagringsdirektivet vert innført i Noreg vert det pålagt at teleselskap skal lagre data om kven du kommuniserer med og når i minst seks månader og opp til to år. Arbeidarpartiet ville i utgangspunktet ha lagring i minst 12 månader, men Høgre fekk gjennomslag på ei halvering av lagringstida.

Ikkje lagring av innhald

Innhaldet i samtalene våre vert ikkje omfatta av datalagringsdirektivet. I Sverige finn slik lagring stad gjennom den kontroversielle FRA-lova (FRA står for Försvarets radioanstalt). Noreg vert indirekte råka av lova, sidan mykje norsk datatrafikk til utlandet går gjennom serverar i Sverige.

Enkle grep

Slik direktivet er formulert, kan ikkje operatørane lagre anna enn deira eigne tenester og data. Det er fordi internett ikkje er eit lukka system, noko som er eit lagringskrav.

Det vil seie at internettenester som dei fleste av oss nyttar til å kommunisere med ikkje vert råka av DLD. Du kan trygt nytte Gmail , MSN og Facebook utan å frykte at storebror ser deg.

Annonse

Telefon

Bruk av mobil- og fasttelefon vert direkte råka av DLD, sidan kommunikasjonen skjer via lukka nettverk der tenestene er avgrensa til det operatørane gir løyve til.

Informasjon om kven du ringjer eller sender SMS til, og når, vert lagra.

Det er uvisst om tapte samtalar gjeld.

Dei som har smarttelefon kan kople den opp mot internett og ringje via Skype eller andre løysingar innan internetttelefoni for å unngå overvaking.

For dei vidarekomne

Dei som vil gjere ytterlegare for å skjule spora sine kan nytte anonymiseringsverktøy som slettar informasjonen du legg igjen på internett, enkle program som bryt deg inn på andre sine trådlause nettverk eller rett og slett nytte tilgjengelege lokale nettverk som ikkje vert råka av direktivet, som til dømes ved sjukehus, hotell og private burettslag.

Her kan du sjå oppskrift på korleis du nyttar anonyme og krypterte lynmeldingar for å unngå å leggje igjen spor.

Ifølgje det føderale kriminalpolitiet i Tyskland vil DLD berre auke oppklaringsprosenten med 0,06 promille frå 55 prosent til 55,006.

Neste artikkel

Boris Johnson frykter Norge