Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sigbjørn Gjelsvik ser mange alternativ til EØS-avtalen

- Alternativet til dagens EØS-avtale kan vere mange ulike ting. Det kan vere ulike variantar av avtaler. Det kan for eksempel vere ein avtale som regulerer handel, men som ikkje grip så sterkt inn i styringa av det norske samfunnet som det EØS-avtalen gjer, seier Sigbjørn Gjelsvik, prosjektleiar for Alternativer til dagens EØS-avtale.

Ny diskusjon

Den norske motstanden mot EØS-avtalen aukar. Samstundes varslar Nei til EU sitt landsmøte at organisasjonen skal trappe opp sin innsats mot avtalen.

I dette arbeidet spelar utgreiingsprosjektet Alterativer til dagens EØS-avtale ei nøkkelrolle.

- Andre land har andre løysingar enn Noreg. Det er ikkje spesielt å ha ein handelsavtale med EU. Det spesielle er EØS-avtalen. Den er jo ikkje blitt utvida til fleire medlemsland etter at Noreg gjekk inn, seier prosjektleiaren.

Frihandelsavtale

Gjelsvik viser til at Noreg fekk ein frihandelsavtale med EU i 1973, etter folkerøystinga i 1972.

- Er det ei slik løysing de ser for dykk?

- Vi arbeider på brei front. Dei som er med i utgreiinga har ulikt syn på EØS-avtalen. Utgangspunktet vårt er at dagens avtale er for omfattande slik han fungerer, seier Gjelsvik.

Les også: KrF-leiar Knut Arild Hareide meiner euroen har skuld for krisa

Ikkje ferdig spikra

Han fortel at alternativ-prosjektet ser på om det er mogleg å gjere endringar innanfor ramma av den avtalen vi har i dag. Ei anna linje som blir vurdert er ein meir tradisjonell handelsavtale.

Samstundes er det klart at deltakarane i prosjektet ønskjer at Noreg framleis skal samarbeide med EU innanfor samfunnsområde som utdanning og forsking.

Annonse

- Men vi har ikkje eit ferdigspikra forslag enno, seier prosjektleiaren.

Les også: Fellesforbundet skal presse Jens om vikarbyrådirektivet

Store forskjellar

Gjelsvik understrekar at det er store forskjellar mellom ein frihandelsavtale og dagens EØS-avtale.

- Det er ein grunnleggjande forskjell mellom ein bilateral handelsavtale og den kraftige dynamikken og vidareutviklinga som er i ein EØS-avtale. Ein handelsavtale har ikkje eit eige overvakingsorgan og ein domstol som nitidig plukkar frå kvarandre gode norske politiske løysingar, seier Gjelsvik

Politisk improvisering

- Trur de eigentleg på at EU vil gå med på å lage ein annan avtale med Noreg?

- Sjølvsagt er signalet frå EU i utgangspunktet at vi har EØS-avtalen og at det er den vi skal forholde oss til, seier Gjelsvik.

Han trur likevel det vil vere mogleg å forhandle fram andre avtalar, og viser til at EU har lang trening i å finne ny politiske løysingar når uventa politiske situasjonar oppstår.

- Då Danmark stemte nei til Maastricht-traktaten i 1992 fekk landet fleire unntak frå traktaten. Eg vil tru at EU vil ha ønskje om å minimalisere konsekvensane viss Noreg skulle ønskje å gjere noko med EØS avtalen, seier prosjektleiaren.

Les også: Rolf Groven har malt nytt Soria Moria

Neste artikkel

Lundteigen gir ikke grønt lys til MDG