Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

2 Bilder

Røhnebæk attvald som styreleiar i Tyr

Bjarne Bekkeheien Aase
Publisert: 22.03.12 14:01

Sjølv om det har vore eit turbulent år i avls- og interesseorganisasjonen Tyr, som organiserer spesialiserte storfekjøttprodusentar, gav årsmøte sitjande styreleiar Erlend Røhnebæk fornya tillit torsdag.

Røhnebæk, som kjem frå Brandval i Hedmark, vart attvald som styreleiar med 35 stemmer.

8 røysta blankt.

Jon Skogmo blei valt til nytt styremedlem for to år med 42 mot 1 stemme.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bjarte Nes vart attvald som styremedlem for to år med same stemmefordeling.

Erling Gresseth blei attvald for to nye år med 27 stemmer. 16 stemde blankt.

Karl Roger Hegseth og Leif Helge Kongshaug er styremedlemer, men var ikkje på val.

Hegseth vart også vald til nestleiar i styret.

Varamedlemene det komande året er: Cathrine Tveit (ny), Dag Støle (attvald), Kristin Waaler (ny) og Matheas Syver Amb (attvald).

Ordførar John Langmo og varaordførar Hallstein Flesland blei også attvalde.



Annonse
Annonse
Annonse