Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rekordstor Landsfestival i gammaldansmusikk i Vågå

Det er ei auke på 9 % frå Landsfestivalen på Oppdal i fjor.

- Lagspel, gruppespel, durspel senior og danseklassa er dei mest populære klassane i år, seier festivalleiar i Vågå, Kjærsti Gangsø.

70 ungar frå Vågå dansa i gang landsfestivalen 2012 med polka og reinlender under opningsførestellinga

- Dette synleggjer at runddanstradisjonen er levedyktig og at danseklassa er etablert som ein fast del av tevlingsprogrammet under landsfestivalen, seier Gangsø.

Kjersti Stenseng, statssekretær i Kulturdepartementet, stod for den offisielle opninga av Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2012, der ho roste vagverane for både engasjement og mange innspel til departementet om gammaldansmusikken og folkemusikkulturen.

Sol i skuggeskog

Konserten "Sol i skuggeskog" i Vågåkyrkja var også ein del av starten på landsfestivalen. Trioen "Sol i skuggeskog" består av Øyvind Sandum, Einar Lian-Bjørgum og Ingrid Lian-Bjørgum. Trioen er veletablerte musikarar med røter i Vågå og på Oppdal.

På konserten i Vågåkyrkja hadde dei også med seg Hallgrim Ulvik Haug frå Vågå og Erlend Viken og Knut Sneve frå Oppdal. Like eins Finn Sandum, som har ansvaret for tekstene til «Sol i skuggeskog».

I går kveld var det også duka for stor konsert i Vågåhallen; "Gullrekka" - som var ein konsert med gullvinnarar frå Vågå.

Annonse

"Gullrekka" i Vågå

- Idéen bak konserten er å mønstre alle gullvinnarane frå arrangørbygda Vågå frå landsfestivalar, landskappleikar og Kappspel gjennom åra, og dei er det mange av, seier Gangsø.

Mange kjente namn bidrog; Nye Ringnesin, Visdals kvintett, Jutullaget, Bjørn Turtums Gammeldansorkester, Sprell, Vågå Spelmannslag, Inge Gjevre, Øyvind Sandum, Leif Inge Schjølberg, Tufskrøkjun, Reidar Svare/John Odnes/Jan Visdal, Vågå toradergruppe, Ivar Schjølberg/Leif Inge Schjølberg/Ivar Odnes, Geir Thorud og Eirik Schjølberg med fleire.

I tillegg deltok Sven Nyhus? kvartett med Jon Faukstad og dessutan Camilla Granlien.

400 Frivillige

Det krev stor dugnadsinnsats for å gjennomføre landsfestivalen.

- Over 400 frivillige stiller opp i Vågå. Og det er ikkje berre kappleik- og festivalfolk som stiller opp. Det er ei stor breidde blant folk som vil bidra under landsfestivalen. Folk tykkjer det er artig at det skjer noko som skaper liv, og at det kjem mange tilreisande til Vågå. Slik skaper entusiasme i bygda, seier Gangsø.

Her kan du se resultatene fra konkurransene.

Neste artikkel

Kvar er Harry Hole-bussen?