Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Regjeringspartiene og KrF fryktar svenske tilstandar i jordbruket

Det svenske jordbruket opplever ein bratt nedtur etter frisleppet og EU-medlemskapen for snart tjue år sidan, og i går skreiv Nationen at kjøttimporten er tidobla og sjølvforsyningsgraden har stupt frå 1990 og fram til i dag.

Regjeringspartia Sp, Ap og SV åtvarar saman med KrF mot svenske tilstandar også i norsk jordbruk dersom høgresida når igjennom i landbrukspolitikken.

- Både Frp og Høgre går klart i svensk retning i landbrukspolitikken. Svekka importvern og støttekutt vil ramme landbruket hardt, og det kan skje raskt. Det er all grunn til å åtvare mot Frp og Høgres politikk, og utslaga vil bli endå større her i landet enn i Sverige, seier Irene Lange Nordahl, som er Sp-representant i næringskomiteen på Stortinget.

- Godt argument mot EU

Sp får støtte frå både Ap, KrF og SV. SVs næringspolitisk talsmann Alf Holmelid seier at Høgre og Frp ikkje har ein landbrukspolitikk, berre ein nedleggingspolitikk, medan leiar i næringskomiteen, Terje Lien Aasland (Ap), seier det er all grunn til å rope varsku om konsekvensane av Høgre og Frps landbrukspolitikk.

- Sjølv med Høgres politikk så vil nedleggingane akselerere. Med støttekutt i tillegg, så ender vi raskt opp der Sverige er i dag, seier han.

Rigmor Andersen Eide i KrF seier det er uaktuelt å gjenta dei same feila som Sverige har gjort og at KrF vil stå knallhardt på krava i eventuelle forhandlingar med Høgre og Frp etter neste val.

- Dessutan er erfaringane frå Sverige eit svært godt argument mot EU-medlemskap, seier ho, og får støtte frå Sp og SV.

Avviser svenske tilstandar

Høgre og Frp avviser på si side at deira landbrukspolitikk vil få tilsvarande konsekvensar som i Sverige.

graden stupt i Sverige i takt med auka import, medan produksjonen

Annonse

- Vår politikk skil seg frå den svenske. Vi meiner nedbygginga av tollvernet må skje over lenger tid slik at bøndene får tilpasse seg, seier næringspolitisk talsmann Svein Flåtten (H).

- Erfaringane viser vel at ein lett hamnar i ein nedgåande spiral både på pris og volum?

- Konkurransen vil bli hardare, men det må bonden ta att på andre måtar gjennom effektiv drift.

- Svenske bønder driv i langt større skala, men klarer likevel ikkje konkurrere?

- Sjølv om verdien av produksjonen i Sverige samla går ned 2 prosent i året, så treng ikkje det seie noko om økonomien til den enkelte bonde. Uansett vil ikkje det same skje i Norge om Høgre får styre, for vi vil ikkje ha fullt frislepp, seier Flåtten, som også meiner Høgres ønskje om EU- medlemskap ikkje er så relevant i dagens politiske klima.

Frps Torgeir Trældal seier årsaka til den svenske kollapsen er at tilpassinga ikkje starta før.

- Tilpassinga til EU burde starta lenge før. Det same vil skje i Norge dersom vi ikkje starter omlegginga tidleg nok, seier han.

- Vil ikkje jordbruket uansett tape utan vern mot billigland?

- Det vil nok vere utfordrande, men det må nytenking til. Dei som er tilpassingsdyktige vil klare seg, seier Trældal.

Neste artikkel

«Norske kommuner henger ikke med»