Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

REC har fått fleire hundre millionar i offentleg støtte

Onsdag ble det kjent at REC legg ned fabrikken i Glomfjord .

Frå Innovasjon Noreg har REC fått eller fått tilsegn om vel 100 millionar sidan 1996. Innovasjon Noreg har løyvd 23,7 millionar i distriktsutviklingsmidlar til REC i Narvik og 53,1 millionar i distriktsutviklingsmidlar til REC i Glomfjord.

Les også: REC fekk 180 millionar skattekroner - flytter til Singapore

I tillegg har REC i Glomfjord fått tilsegn om fem millionar som ikkje er utbetalt. REC på Herøya har fått tilsegn om 22 millionar frå miljøteknologiordninga til Innovasjon Noreg, desse midlane er heller ikkje utbetalt.

I tillegg har kommunar brukt store pengar på å tilretteleggje for REC-drift lokalt. Nationen skreiv i går om at Meløy kommune åleine har brukt om lag 100 millionar på å leggje til rette for REC-fabrikken i Glomfjord i Meløy kommune.

Må ikkje betale attendeKommunikasjonsdirektør i Innovasjon Norge, Kjetil Svorkmo Bergmann, seier REC per i dag ikkje har fått midlar konsernet må betale attende om produksjon blir lagt ned i Noreg, og at Innovasjon Noreg oppfattar at REC har gjort mykje for å prøve å få til lønsam produksjon i Noreg.

Les også: REC legger ned i Glomfjord

Torsdag vart det kjend at pengane REC har fått til miljøteknologiprosjektet framleis står ubrukt på konto. Årsaka til dette er at Innovasjon Noreg har lagt til grunn som premiss for utbetaling at REC skal halde fram drifta i Noreg i minst fem år til.

Bergmann seier det er naturleg for Innovasjon Noreg å stille slike premiss.

Renewable Energy Corporation

Annonse

- Me har som mål å bidra til næringsutvikling og verdiskaping i Noreg. REC er under eit stort press i marknaden, difor er det naturleg for oss å stille eit slikt krav, seier Bergmann.

Mageplask for aksjekursenSer ein på aksjekursen for REC dei siste fem åra, var denne på topp i november 2007, med 220 kroner. Førebels botnnotering for aksjekursen er frå 16. desember i fjor, då kursen var på 3 kroner. Heller onsdagens avgjer om å leggje ned silisiumswafer-fabrikken i Glomfjord fekk aksjekursen opp.

Onsdag avgjorde REC å utsetje vedtak om framtida for fabrikkane på Herøya fire veker . Årsaka er gode økonomiske prognosar. Fylkesordførar i Telemark, Terje Riis-Johansen, er nøgd med utsetjinga.

- Me har vore veldig urolege lenge. Det siste vedtaket er eit steg i rett retning, og eg er meir optimistisk enn på lenge. Det er betydeleg vilje i REC-systemet til å halde fram med produksjon på Herøya, seier Riis-Johansen.

Han er også styreleiar i Telemark Utviklingsfond, som har løyvd 6,4 millionar kroner til REC.

- For oss er dette mykje pengar, men Telemark som industrifylke må bidra til å leggje til rette for industriverksemd. Me har sett ein voldsom omstillingsvilje og evne på Herøya, og har ein god dialog både med REC i Telemark og sentralt, seier Riis-Johansen.

Næringspolitisk talskvinne i Sp, Irene Lange Nordahl, seier det er ein alvorleg situasjon. Det kan du lese meir om i Nationens evavis fredag 23. mars.

Neste artikkel

Nordmenn klikker jula inn på nett