Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rec ber staten om hjelp

Hilde Lysengen Havro
Publisert: 17.08.11 15:13

Nærings- og handeslminister Trond Giske kunne ikkje love økonomisk drahjelp til Rec då han vitja celleproduksjonsfabrikken i Narvik i går, skriv Dagens Næringsliv.

Eit driftsresultat på 6,2 milliardar i underskot i andre kvartal førde til at solenergiselskapet måtte permittere halve arbeidsstokken. Årsaka til det dårlege resultatet er mellom anna svekking i solenergimarknaden.

Rec har til 1300 tilsette i Noreg. Per i dag er 680 av desse permitterte.

- Det er ei utfordring for fabrikkane til REC Group i Noreg å sikre at dei er konkurransedyktige i ein særs krevjande internasjonal marknad, seier Giske til Avisa Nordland.

Ber om hjelp

Leiinga i Rec og lokale politikarar ber no staten om hjelp. Rec-fabrikken i Narvik leiger i dag fabrikklokale av SIVA. I dag betalar får SIVA inn om lag 25 millionar i husleige frå Rec i Narvik. Fabrikksjef Per Åsmund Andersen har bede om at fabrikken slepp å betale leige i ein periode, før leiga kan skruast gradvis opp att.

SIVA er eit statleg eigd føretak med ansvar for å "bidra til vekst og utvikling av næringslivet i distriktene", og er eigd av Nærings- og handelsdepartementet. Giske kunne i går ikkje lova at Rec får redusert husleiga selskapet betalar til staten.

- SIVA skal drive på forretninsmessig grunnlag, seier Giske.

Giske seier til Dagens Næringsliv at det er uaktuelt for staten å kjøpe seg opp i Rec, men at det er andre måtar staten kan stille opp for Rec på.

- Me kan forsterke forskingsprogramma for solenergi, og diskutere andre innretningar som gjer at ein finn fram til nye løysingar, seier Giske.

Ingen planar om å leggje ned

Trass dårlege resultat seier konsernsjef for REC, Ole Enger, til Teknisk Ukeblad at han trur verksemda i Noerg vil halde fram. Han meiner både oljeselskapa og energiselskapa ser solenergi som eit trugsmål.

- Dette er store industribedrifter som har hatt særs dominerande posisjonar med 50-100 prosent av marknaden, seier Enger.

- Energiselskapa er redde for å miste kontrollen i el-marknaden. For dei er ikkje klima det viktigaste, men kontroll over marknaden. Difor ser me tendensar til at energiselskapa motarbeider sol i Europa og USA, seier Enger til Teknisk Ukeblad.