Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Prisoppgang på gardsbruk høgare enn vanlege bustader

Bjarne Bekkeheien Aase
Publisert: 27.10.11 21:06

Oppgangen er på nær 12 prosent på eitt år, viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Prisveksten på gardsbruk er dermed langt større enn fjorårets prisoppgangen på bustader på 8,5 prosent.

Les også: Tre av fem gårder selges i familien

Sidan år 2000 har snittprisen på gardsbruk gått opp med over 140 prosent. Til samanlikning har gjennomsnittleg kvadratmeterpris for bustader gått opp med litt under 113 prosent frå 1. januar 2000 til 1. januar 2011, ifølgje prisstatistikken til Norges Eiendomsmeglerforbund.

Direktør Finn Tveter er overraska.

Les også: Gårdsbruk reddet på overtid

-Det er overraskande at prisoppgangen på landbrukseigedom er så kraftig. Prisane på gardsbruk veks jo også raskare enn på hus og bustader. Det er svært interessant, seier Tveter.

- Ein annan marknad

Gardsbruk inngår ikkje i prisstatistikken til Norges Eiendomsmeglerforbund. Tveter understrekar også at det er to litt ulike marknader, sjølv om dei har likskapstrekk. Han er sjølv son av ein bonde, men han vil sjølv vere forsiktig med å uttale seg om årsakene til den store prisoppgangen på gardsbruk.

Les også: Småbruk solgt for 1,25 mill. over takst

-Det er ein annan marknad enn bustader, men det kan jo vere at også draumen om å bu landleg og drive gard er med på å auke etterspørselen etter gardsbruk, seier Tveter.

Han viser også til at det for nokre år tilbake blei gjort justeringar i konsesjonsreglane der arealgrensa er auka frå fem til tjue mål.

- Snittprisen på fritt omsette bebygde landbrukseigedommar auka med nær 12 prosent i fjor til over 1,7 mill. kr.

-Fleire gardsbruk kan seljast utan konsesjon. Det har nok også verka inn på prisutviklinga, seier han.

-Kan bli spekulasjonsobjekt

Tveter seier grensa på tjue mål med fordel kunne vore justert ytterlegare opp. Prisauken trur han har positiv effekt mange stader sidan høgare pris kan føre til at fleire gardsbruk blir lagt ut for sal.

-Det er trist når ein ser at gardar står og forfell, så det kan vere bra å få inn nye eigarar ein del stader, seier han.

Om den kraftige prisveksten vil halde fram vil han nødig spå.

Les også: Prisen for gardsbruk meir enn dobla på ti år

-Eg kjenner ikkje marknaden godt nok til at eg vil ha ei meining om det, seier Tveter.

-Kan den store prisoppgang føre til at gardsbruk blir spekulasjonsobjekt?

-Det kan ein ikkje utelukke. Få andre investeringar kan vise til ei liknande avkastning som prisutviklinga for gardsbruk i same tidsrom, seier Tveter.

Les om bonden som vart nedrent av interesserte på visning og meir til i eavisa til Nationen for 28. oktober. Ho kan kjøpast her.

Er det positivt med prisoppgang på landbrukseiegedommar? Sei meininga di under.