Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Posten leverte godt årsresultat i 2010

Sverre Steen
Publisert: 16.02.11 09:19

Det er i stor grad sparetiltak som gjer at konsernet leverer eit godt resultat. I 2010 endte Posten på 1,63 milliardar i driftsresultat, opp frå 1,41 milliardar året før. Resultatet før skatt auka med heile 1.382 millionar kroner, etter at selskapet leverte svært beskjeden tal året før. I 2009 var resultatet før skatt på berre 22 millionar kroner.

Nationen har skrive, seinast i dag, om kutt i distrikttenestene til Posten. Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, seier ho frykter ei bølgje av tenestekutt i distrikta.

Posten si omsetning gjekk svakt ned i 2010. 22,45 milliardar kroner er 0,7 prosent dårlegare enn året før.

- Post- og logistikkmarknaden var i fjor prega av låg aktivitet etter finanskrisa, men vi ser no teikn til auka aktivitet i marknaden. Med effektiviseringsprogrammet Spinnaker har Posten kome styrka ut av lågkonjunkturperioden, seier konsernsjef Dag Mejdell.

Også eingongsinntekter på 861 millioner kroner er med i resultatet før skatt. Mykje av desse inntektene skriv seg frå positive eingongseffektar ved overgang til ny AFP-ordning, melder Posten.

LES OGSÅ: Folk i distrikta klagar på Posten