Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ordføraren i Eidskog fekk ulovleg landbrukstilskot

Sindre Haugen Mehl
Publisert: 20.03.12 09:04

Knut Gustav Woie (Sp), ordførar i Eidskog, førte opp og fekk tilskot for fleire hundre slaktegrisar meir enn han hadde.

Les også: Disse 200 får mest i landbruksstøtte

Ordføraren må betale attende 68.000 kroner til staten, etter at han fekk utbetalt for mykje produksjonstillegg og avløysartilskot.

Han får avkorting i straff for å ha ført opp felt tal i to søknadar om tilskot.

- Eg har ført opp fleire dyr og fått større tilskot enn eg har hatt rett til. Eg tek ansvar og beklagar at eg har ført feil tal, men eg gjorde det i god tru, seier Woie til avisa Glåmdalen.

Les også: Desse fekk minst i tilskot

Woie vil ikkje seie noko om saka kan svekkje han som ordførar. Han seier han kan ha blanda saman slaktegris og smågris. Ifølgje NRK seier Woie vidare at søknadsskjemaet ikkje er komplisert å fylle ut.

Gruppeleiar for Arbeiderpartiet i kommunestyret i Eidskog kommune, Kamilla Thue, reagerer på saka.

- Alle kan gjere feil, men det er ekstra viktig for ein som er ordførar å følgje regelboka. Ordføraren må rydde opp, for dette er ei sak som burde vore unngådd, seier ho.

Tidleagere ordførar i Eidskog, Ivar Skulstad (Ap), meiner saka svekkjer truverdet til Woie.

- Eg lurar på kvifor Woie anka saka sidan dokumentasjonen var så klar. Han burde lagt seg flat lenge før, seier han.