Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Oppland Bondelag vrakar Quality Hotel som har gått over til Q-meieriene

Publisert: 14.02.12 11:42

Hotellet i Øyer har tidlegare brukt mjølk frå Tine, men har no gått over til Q-Meieriene.

- Då det vart kjent fekk vi ein god del reaksjonar frå medlemmene våre om at vi burde sjå oss om etter eit anna hotell. Det har vi gjort, seier leiar i Oppland Bondelag, Trond Ellingsbø til NRK Hedmark og Oppland.

Overfor NRK understrekar leiaren at bondelaget er godt tilfreds med hotellet dei brukte før. Valet er heller ikkje ein protest mot hotellet, men ein reaksjon mot den inngåtte kjedeavtala.

Les også: Melken inneholder mindre jod

Ellingsbø viser vidare til formålsparagrafen, som seier at ein skal jobbe for størst mogleg tilslutning til landbrukssamvirket, og meiner det av den grunn er naturleg å velje eit hotell der Tine er mjølkeleverandør.

- Dette er ikkje noko forsøk på å unngå Q-Meieriene. Bondelaget er til både for dei som leverer til samvirket og dei som leverer til private aktørar. Men den avtala kjeda har inngått betyr at Tine ikkje får levere mjølk til denne kjeda, og det tykkjer vi ikkje osar av konkurranse.

Les også: Heidi sendte alle melkekyrne til slakt

(©NPK)