Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Open leiarkamp i SV

Eva Aalberg Undheim
Publisert: 26.01.12 17:29

Til helga startar dei fyrste fylkeslaga i SV å setje saman delegasjonane som skal vere med å avgjere leiarvalet i SV under det ekstraordinære landsmøtet i mars.

Les også: Valgkomité i SV kan komme til å levere delt innstilling

Fylkesleiar Thore Wiig Andersen i Aust-Agder seier det er vanskeleg å seie på førehand kven av dei to leiarkandidatane Audun Lysbakken og Heikki Holmås delegatane frå fylkeslaget kjem til å røyste på. Det same seier fylkesleiarane i Hedmark, Nordland og Troms.

-Kvar delegasjonen står vert lettare å svare på etter helga, når vi veit korleis samansetnaden vert sjåande ut, seier Wiig Andersen, som har årsmøte laurdag.

Støttar Lysbakken
Til liks med fleirtalet av fylkesleiarane i partiet, har Wiig Andersen sjølv offentleggjort at han vil støtte leiarkandidat Audun Lysbakken.

Om fleirtalet i delegasjonen hans kjem til å gjere det same, kan han ikkje seie sikkert.

Les også: Motstand mot sidemålsreform i SV

-Om delegasjonane attspeglar meininga til fylkesleiarane står att å sjå. Ut frå stemninga på lokallagsmøta å døme, så kan det vere fleirtal for Lysbakken, men det finst nokon som ikkje har teke stilling og eitt par som har gått ut med støtte til Holmås, seier Wiig Andersen.

Truleg delt innstilling
Måndag kveld legg valkomiteen i SV fram si innstilling til ny SV-leiar. Ifølgje Klassekampen vert innstillinga mest truleg delt . Etter det avisa kjenner til går dei to komitémedlemmene frå Oslo og Nordland inn for Holmås, medan dei seks andre, inkludert komitéleiar Tora Aasland, støttar Lysbakken.

Verken medlem Kjersti Markusson frå Nordland eller andre i valkomiteen ville i går kommentere arbeidet med innstillinga.

Valforskarane Toril Aalberg ved NTNU og Hanne Marthe Narud ved Universitetet i Oslo seier begge det ville vore ein fordel for partiet at valkomiteen greidde å samle seg om ein kandidat.

-Ut frå eit demokratisk perspektiv er det bra valkomiteen ikkje er låst på ein kandidat, men samstundes kan ei delt innstilling gje større splitting innåt, seier Aalberg.

Les heile saka i e-avisa til Nationen for 27. januar