Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

2 Bilder

Ønskjer nynorsk superkommune

Publisert: 23.05.11 14:46

Dersom Ørsta og Volda slår seg saman bør dei vurdere å ta namnet Aasen kommune, meiner Møreforsking og Telemarkforsking.

Sist veke fekk kommunane overlevert ein rapport frå dei to forskingsinstitusjonane. Ifølgje avisa Møre-Nytt går dei der langt i å argumentere for Aasen kommune, i staden for å ta namnet til ein av kommunane eller slå dei saman til Ørsta Volda eller Volda Ørsta.

Aasen skal ha kome opp i gruppesamtalar med tilsette i kommunane og har vorte positivt motteke.

- Namnet ber preg av ein kommunal profil der nynorsk skrift og skriftkultur vil stå sentralt. Volda og Ørsta har alt ei slik nasjonal særstilling i dag, skriv forskarane.

Rapporten viser elles at ei samanslåing vil gje eit betre tenestetilbod til innbyggjarane, og ein samanslått kommune vil utgjere ei sterkare regional røyst. Men det vil vere lite økonomisk vinst ved å slå saman kommunane. (©NPK)



Annonse