Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nussir seier norsk gruve-framtid er i hendene på politikarane

Sverre Steen
Publisert: 20.03.12 15:44

Nussir vil opne landets største kobbergruve i Repparfjord i Finnmark. Som Nordic Mining i Sogn og Fjordane, søkjer Nussi om sjødeponi.

Administrerande direktør Øystein Rushfeldt stiller seg positiv til dei prinsipielle avklaringane Klima- og forureingsdirektoratet (Klif) kom med i høve Nordic Mining sin søknad i Sogn og Fjordane.

- Det viktige for oss er at Klif, det fremste fagorganet på nasjonalt nivå, seier at sjødeponi er å føretrekkje framfor landdeponi. Vi opplever at det frå fagleg nivå er avklart at ein ikkje har eit problem med sjødeponi i Noreg, seier Rushfeldt.

Står på politikarane

Ifølgje han står det no på dei politiske avklaringane.

- Politikarane må bestemme seg for om Noreg skal halde på med gruveindustri eller ikkje, seier Rushfeldt.

På eit seminar i november var næringsminister Trond Giske (Ap) klar på at det er brei politisk semje om å satse på mineralnæringa, og at regjeringa arbeider med en nasjonal strategiplan for satsinga, venta i løpet av våren.

- Planen skal sørge for heilheitleg politikk for kartlegging av ressursar, effektiv handsaming av konsesjonssøknadar og miljøutgreiingar, kompetansebygging og føreseielege vilkår for utanlandske og norske investorar, sa Giske på seminaret.

Etter at Klif og Direktoratet for naturforvaltning (DN) innstilte til eitt års ventetid for rutil-prosjektet i Sogn og Fjordane, kravde Norsk Bergindustri at næringsministeren syter for fortgang for gruvedrifta.

Rushfeldt seier at behovet for overordna politiske og faglege avklaringar har vore presserande. Han opplever at det faglege no er avklart, etter Klif sine vurderingar kring Nordic Minings prosjekt.

- Det er naturleg at den politiske avklaringa kjem i mineralstrategien. Det må seie noko om at sjødeponi er ei akseptabel løysing, gitt at ein har kontroll på miljøovervaking og konsekvensar, seier Rushfeldt.

Les også: Frykter nye gruver vil true villaksen

For Nussir-prosjektet er det avgjerande kor rask og føreseieleg handsaminga av søknaden er, seier han.

- Skal vi få investorar til prosjektet må det vere føreseieleg. Forsvinn den vil vi ikkje få nokon til å stille med risikokapital. Då vert ikkje prosjektet realisert, seier Rushfeldt.

Allereie brukt 150 millionar

Så langt er det spytta inn om lag 150 millionar kroner i Nussir-førekomsten i Repparfjord.

- Det er minimum for eit slikt prosjekt, før avgjerda om utbygging vert tatt. Pengane kjem frå den internasjonale risikokapitalmarknaden. Dei ser først og fremst på kva avgjerdsstatistikk eit land har. I dag har ikkje Noreg noko «track record» å vise til. Det er alfa og omega at vi får ein føreseielegheit, dersom mineralsatsinga det vert snakka om skal verte noko av.

Rushfeldt seier at dersom seriøse prosjekt ikkje vert handsama på ein seriøs og føreseieleg måte, og at prosjekta har ein viss framdrift, så kan ein berre gløyme mineralsatsing i Noreg.

- Forbod mot sjødeponi vil bety slutten for norsk bergindustri, seier han.