Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nortura sikrar seg store kontraktar

Hilde Lysengen Havro
Publisert: 08.02.12 18:32

Nortura Proff har sikra seg ei kontrakt verdt nærare 200 millionar kvart år gjennom å bli leverandør til Innkjøpsgruppen, som er den største aktøren i hotell, restaurant og cateringbransjen.

Les også: Nortura og Norsk Kylling utvider samarbeidet


Dei siste månadene har Nortura sikra seg fleire kontraktar i hundremillionarsklassen. Mellom anna har det bondeeigde samvirkekonsernet vorte totalleverandør av både raudt og kvitt kjøtt til McDonald's dei neste tre åra.

- Stong inn

- Me opplever at det er beinhard konkurranse i alle salskanalane me er i; daglegvare, proffmarknaden og industrimarknaden, seier kommunikasjonsdirektør i Nortura, Nina Sundqvist.

Les også: Småbønder kan få større innverknad i Nortura

- Nettopp difor er det morosamt å registrere at me vinn konkurransar, seier Sundqvist, som karakteriserer situasjonen til Nortura som «stong inn» for tida.

Ho seier proffmarknaden har dei største skilnadene innanfor same gruppe.

- Det er stor spennvidd i varene me leverer til proffmarknaden. Gourmetrestaurantar og hotell vil ha ulike spesialitetar, og gjerne varer det er knytt ei unik og særskilt historie til. Andre kundar er opptekne av andre faktorar, seier Sundqvist.

Kjedeavtalar viktigast

- Om avtalane gir større volum enn tidlegare, med full kostnadsdekking og forteneste, gir det ein betre situasjon for Nortura. Det er klart at slike langsiktige avtalar i seg sjølv er fordelaktig, fordi det er lettare å planlegge og optimalisere varestraumane, seier forskar og Tine-historikar ved Handelsøyskolen BI, Harald Espeli.

Han seier Nortura for å kunne legitimere rolla som marknadsregulator er avhengig av å tene pengar og ha nærare to tredeler av fyrstehandsmarknaden.

- For Nortura er utviklinga av daglegvarekjedenes interne vertikal integrering ei av dei største utfordringane fordi det vil auke faren for at Nortura blir ein svingdørsleverandør med uføreseielege volum til kjedene. Daglegvaremarknaden vil vera den viktigaste marknaden for Nortura i overskodeleg framtid.

Les heile saka i e-avisa til Nationen for 9. februar